Låne og bestille

Logg inn i ORIA

I bibliotekbasen Oria kan du både søke etter litteratur og legge inn bestillingar på bøker som er utlånte. På "Min konto" får du oversikt over lån og bestillingar. For å få tilgang til dei ulike tenestene må du logge deg inn. Det gjer du via innloggingsknappen øvst til høgre. Innlogginga skjer via Feide (pass på å velje Høgskulen i Volda). Logg inn med brukarnamnet og passordet som du har fått frå høgskulen.

Reservere utlånte bøker

Du kan setje deg på venteliste dersom ei bok er utlånt. Logg inn i Oriaklikk på "Finn og bestill" og deretter på "Bestill dokument". Du får melding så snart eit eksemplar er ledig og klart til henting. Studentar får tekstmelding og e-post, tilsette får melding per e-post. Hentefristen er 5 dagar. 

Bestille bøker og tidsskrifter frå andre bibliotek

Dersom  vi ikkje har ei bok sjølve og du er student eller tilsett ved høgskulen, kan vi låne inn boka til deg frå eit anna bibliotek. Vi kan også skaffe kopiar frå tidsskrift som vi ikkje abonnerer på sjølve.

Studentar kan ha maksimum 10 bøker i bestilling/lån frå andre bibliotek samtidig.
Vi bestiller vanlegvis ikkje inn lån frå utlandet til studentar.

For tilsette er det ingen avgrensingar.

Leveringstid: Leveringstida er avhengig av om dokumentet er utlånt, om vi må reservere, osv. Du må rekne med minimum 1 veke før du får dokumentet du har bestilt.

Lånetid: Det er eigarbiblioteket som fastset lånetid og andre reglar for bruk av innlånt materiale. I enkelte tilfelle er det ikkje tillate med heimlån.

SJEKKLISTE FØR DU BESTILLER:

  • Har vi boka eller tidsskriftet i biblioteket? Då må du gå på hylla sjølv, evt. lese den elektroniske utgåva på nettet.
  • Har vi bøker om det same emnet i våre eigne hyller? Leit alltid i "Oria - Mitt bibliotek"før du bestiller lån frå andre bibliotek.
  • Er det ei e-bok? Innlån av e-bøker er ikkje mogeleg.

HENTEMELDING

Studentar får tekstmelding og e-post når materialet kan hentast, tilsette får melding  per e-post. Ver vennleg å hente bøkene så snart som råd.

Fjernstudentar og nettstudentar kan etter nærmare avtale få bøker og artikkelkopiar tilsendt. 

FORNYING AV LÅN

Det er ingen automatikk i at lån frå andre bibliotek kan fornyast. Nokre gongar tillet ikkje reglementet hos eigarbiblioteket det, andre gongar er det venteliste. Om du har fleire innlån, bør du nøye vurdere kva lån du verkeleg treng å fornye, og levere flest mogeleg av bøkene tilbake innan fristen. 

STUDENTAR VED ANDRE HØGSKULAR OG UNIVERSITET

Vi kan bestille lån av bøker frå andre norske bibliotek, men det er ein fordel for studenten å få bibliotektenester på studiestaden. For lån av materiale frå land utanfor Noreg og for kopibestillingar, må studenten alltid kontakte eigen institusjon.

EKSTERNE BRUKARAR

Lånarar som ikkje er studentar eller tilsette ved Høgskulen i Volda, må kontakte folkebiblioteket sitt om dei ønskjer å bestille bøker og artiklar som ikkje finst hos oss.

Lånereglar

Høgskulebiblioteket skal primært dekkje behova for bibliotektenester til studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda. Enkeltpersonar utanfor høgskulen kan få lånekort, låne frå biblioteket sine samlingar og nytte samlingar og elektroniske tenester på staden.

Det meste av materialet i biblioteket er til utlån. For å låne må du ha studentkort, tilsettkort eller eit eige lånekort frå biblioteket. Om du har eit nasjonalt lånekort kan dette nyttast, men vi må registrere det i biblioteksystemet vårt før det er klart til bruk.

Vi sender ikkje bøker til studentar og tilsette i utlandet. Alle lån må leverast tilbake før utanlandsreiser og lengre praksisperiodar.

LÅNETIDER

  • Bøker: 14 dagar. Automatisk fornying dersom ingen står på venteliste.
  • Tidsskrift: 2 dagar. Nyaste nummer er ikkje til utlån.
  • DVD, Blu-ray, CD: 7 dagar.
  • DVD og Blu-ray låner vi ikkje ut på fjernlån til andre bibliotek.
  • Bøker merkte med raud teip er ikkje til utlån.

PURRINGAR OG ERSTATNINGSKRAV

Du er ansvarleg for det du har lånt, og får erstatningskrav om låna ikkje vert returnerte etter purring. Lånekortet vert sperra til du har levert låna eller betalt kravet.

  • Kr. 600,- som minstetakst for bøker.
  • Kr. 300,- for tidsskrifthefte, DVD, Blu-ray og CD.
  • Innlånt materiale skal erstattast etter takstar fastsett av eigarbiblioteket.

Dersom du meiner noko er feil, bør du melde frå ved første purring.

Om ei bok kjem til rette etter at erstatningssummen er betalt, må ho likevel leverast tilbake. Lånaren vil ikkje få erstatningssummen refundert. Erstatningskrav medfører meirarbeid og auka utgifter for biblioteket.

Lån ein bibliotekar

Arbeider du med masteroppgåve eller skal i gang med forskingsarbeid? Då kan du få hjelp og rettleiing i samband med litteratursøk. Du har høve til å låne ein bibliotekar, som set av 1 time til litteratursøk saman med deg. Send ein epost til skranke@hivolda.no med informasjon om kva du treng hjelp til, så tek vi kontakt med deg for nærare avtale.