Digitale pensumlister i Leganto

Høgskulen i Volda nyttar det digitale pensumlistesystemet Leganto, og pensumlistene er kopla til biblioteksystemet Oria. Studentane vil kunne sjå om biblioteket har ledige eksemplar av bøker, og dei vil få direkte tilgang til elektroniske ressursar. Pensumlistene blir publiserte på eiga nettside, og alle har tilgang til desse når dei er ferdigstilt frå biblioteket. I Canvas får ein tilgang til pensumlistene (i venstremenyen) når ein har registrert seg som student. 

Tidsfristar

15. mai: Pensumlister for haustsemesteret
1. november: Pensumlister for vårsemesteret

Informasjon til fagansvarlege

  • Tidlegare pensumlister kan gjenbrukast. Kopi av pensumlister frå tidlegare semester vil vere klar for redigering i Canvas-rommet ei stund før fristen for innlevering. 
  • Når lista er ferdig redigert, trykkjer ein på "Send pensumliste". Lista kjem då til biblioteket for ferdigstilling. Dette må gjerast innan tidsfristen (15. mai/1. november).
  • For nye emne må det lagast pensumliste "frå botnen". 
  • Retningslinjer for pensum finn du her

Treng du hjelp/rettleiing? 

Ta kontakt med biblioteket leganto@hivolda.no eller sjå rettleiingar nedanfor.

Biblioteket

Bibliotektilsette kvalitetssikrar og ferdigstiller pensumlistene. Når det er gjort, vil pensumlistene vere offentleg tilgjengelege. Sidan det kjem mange pensumlister til biblioteket rundt tidsfristen, må ein rekne med at det vil ta litt tid før alle lister er offentleg tilgjengelege. 

Tilrettelegging

Det er mange studentar som bruker lydbøker frå NLB pga lese- og skrivevanskar, kognitive utfordringar, m.m. I prosessen med å fastsetje pensum, oppmoder vi om å undersøkje om pensumbøker også er å finne hjå NLB