Bolk

Alle bokutdrag som blir kopiert og brukt som pensum i eit emne, må ifølgje Kopinor-avtalen rettigheitsklarerast. Dette skal ein gjere i Bolk, som tilbyr ei løysing både for klarering av innhald og levering av pdf-filer.

Høgskulen i Volda har vedtatt at ein berre skal tilby digitale kompendium til studentar. I Bolk vil du finne digitalt innhald frå både norske og utanlandske fagbøker. Dersom utdraga du treng ikkje er digitalt tilgjengelege frå Bolk, kan du skanne sjølv og laste opp pdf-fil til kompendiet.

Her er nokre kortfatta råd om kva ein må gjere og ikkje i Bolk:

  • Bokkapittel: Desse må rettigheitsklarerast i Bolk. I utgangspunktet kan du bruke inntil 15 % av ei bok.
          
  • Tidsskriftartiklar:  Treng ikkje klarerast i Bolk. For digitale artiklar vil lenke til fulltekst stå saman med referansen i pensumlista. Dersom artikkelen ikkje finst digitalt, kan du skanne artikkel og dele pdf med studentane i Canvas. Merk at det berre er lov å bruke éin artikkel frå eit hefte/nummer pr. emne. 

KORLEIS KOME I GONG?

Tilgang til Bolk får ein ved Feide-pålogging, men først må du bli registrert som brukar frå HVO. Send ein e-post til Bente Gunn Lien, bente.gunn.lien@hivolda.no. Skriv namn, avdeling og mobilnummer i e-posten.
Du kan bestille Bolk-utdrag på to måtar:

  • Direkte i Bolk: Dette er den "tradisjonelle" framgangsmåten. Du registrerer alle utdrag direkte i Bolk og får leverte alt som pdf-fil(er) der. Deretter lastar du opp pdf-filene i Canvas. Rettleiing
  • Direkte i Leganto: Dette er ein litt nyare framgangsmåte. Pdf-filene blir tilgjengeleg for studentane i sjølve pensumlista. NB! Fungerer berre når det er eitt emne knytt til pensumlista. Dette er ein litt enklare og raskare variant, men det kan ta litt tid dersom det er fleire utdrag over 15 %. Her er to rettleiingar:

Det kan vere lurt å starte i god tid, men du bør vente til pensumlista er ferdigstilt frå biblioteket. Av og til kan det ta litt lenger tid med klarering, t.d. viss boka ikkje er registrert i Bolk eller ein treng utdrag som går ut over 15 %.

HJELP?

Klarering og ferdigstilling av kompendium må den enkelte emneansvarlege ta ansvaret for. Dersom du står fast, kan du få hjelp både i biblioteket og frå kontaktpersonar på avdelinga di. Bolk tilbyr også brukastøtte.

Kontaktpersonar på avdelingane:

Kontaktperson i biblioteket:

Bolk brukarstøttehttp://bolk.no/forside/kontakt 
Tips: Det raskaste er å ringe!

System- og rapporteringsansvarleg HVO:

  • Vil bli oppdatert