Utstilling: «Bortkasta tid» (Kunsthuset i Ørsta)
Tilsette ved Institutt for design, kunst og handverk inviterer til utstillinga «Bortkasta tid» på kunsthuset i Ørsta 6.–15. november 2025.
DKH-kollegiet teikna av Robert Steinnes.
I høgare utdanning er publisering i anerkjende tidsskrift verdsett som kompetanseheving, medan alternative visningsarenaer ikkje gir same utteljing. Tilsette ved Institutt for design, kunst og handverk (DKH) på Høgskulen i Volda har derfor valt å prioritere utøvande og skapande arbeid det siste året. Gjengen har vore samla kvar månad. Dei har filma seg sjølve, stilt spørsmål, gitt råd og dessutan drøfta måtar og metodar ein rettleiar kunst-hand-verk på.
- Les også: Utviklar forskinga innan kunstfag med praktisk kompetanseheving (hivolda.no)
Resultatet av arbeidet er utstillinga «Bortkasta tid», som vi no får sjå i Kunsthuset i Ørsta. Dei som bidreg i utstillinga, er Karen Brænne (teikning), Janne Heggvoll (foto og teikning), Knut Einar Lillebø-Voll (keramikkskulptur), Rita Slotterøy (maleri), Robert Steinnes (treskulptur) og Cathrine Yksnøy (tekstilinstallasjon).
Utstillinga opnar torsdag 6. november klokka 18.00 (ope til 20.00). Elles er utstillinga opa 7., 8., 13., 14. og 15. november kl. 12-16. Med andre ord er det ei relativt kortvarig utstilling, så det gjeld å kome seg av garde i tide. Kunstnarane vil vere til stades på opninga, som også byr på eit musikalsk innslag.
Volda og Ørsta kunstlag set stor pris på å få vere vertskap for utstillinga «Bortkasta tid», og alle er hjarteleg velkomne til Kunsthuset i Ørsta!