Utdanningsdagen 2025
Velkomne til elevar, lærarar og rådgjevarar frå dei vidaregåande skulane og folkehøgskulane på Nordvestlandet!
Kom og bli kjend med utdanningane våre, føl litt på livet på campus og snakk med lærarar og studentar på utdanningsdagen til Høgskulen i Volda.
På hovudsida for Utdanningsdagen 2025 kan du:
- Melde deg på og få meir informasjon om timeplanen din
- Finne programmet for dagen
- Lese meir om studieprogramma våre
Lunsjseminar for rådgjevarar, lærarar og avdelingsleiarar
Alle rådgjevarar, lærarar og avdelingsleiarar som deltek på Utdanningsdagen, er hjarteleg velkomne til lunsjseminar ved Avdeling for samfunnsfag. Innlegg ved førsteamanuensis Erlend Walseth: "Profesjonsutøvarar i krysspress – spenning, dilemma og moralsk stress".
Vel møtt!