Utdanningsdagane 2021
I 2020 var arrangementet digitalisert på grunn av smittesituasjonen, men det ser no ut til at Utdanningsdagane 2021 kan gjennomførast på vanleg måte med fysisk frammøte. Om situasjonen skulle endre seg, planlegg vi for digital gjennomføring.
Utdanningsdagane 2021 er lagt til Høgskulen i Volda 3. og 4. november. Kvar skule skal melde seg på ein av dagane.
Målsetjinga med utdanningsdagane er å gi elevane eit informativt bilete av utdannings- og yrkesvegar, i tillegg til å gi eit innblikk i kvardagen som student. Arrangementet er no godt innarbeida som ein viktig del av yrkesrettleiinga for elevar frå mange vidaregåande skular og folkehøgskular i Møre og Romsdal og nordre del av Vestland, og er høgskulen sitt største enkeltståande rekrutteringstiltak. I 2019 var det nærare 900 elevar som besøkte høgskulen under arrangementet. I fjor hadde vi 650 elevar som deltok i det digitale opplegget, som også fekk gode tilbakemeldingar.