Undersøking av Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal – presentasjon av rapport

Tysdag 11. mars kl. 14 presenterer ei forskargruppe ved Høgskulen i Volda ei undersøking av erfaringar og vurderingar av Helseplattformen blant sjukehustilsette i Møre og Romsdal.

Sjukehus. Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto frå sjukehus: Shutterstock. Med lisens.

Helseplattformen vart innført ved sjukehusa i Helse Møre og Romsdal 27. april 2024. Ei forskargruppe ved Høgskulen i Volda har gjennomført ei undersøking av erfaringar og vurderingar av Helseplattformen blant tilsette ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal.

Undersøkinga byggjer på svar frå nærare 700 tilsette og vart gjennomført i januar–februar 2025. Oppdragsgjevar er Møre og Romsdal legeforeining.

Forskingsrapporten og kommentarar frå legeforeininga blir lagt fram ved Høgskulen i Volda tysdag 11. mars frå kl. 14. Presentasjonen finn stad i Store auditorium (BK 161) i Berte Kanutte-huset. Interesserte er velkomne til å delta, og det vil bli høve til spørsmål til rapporten.

  • Om du ikkje har moglegheit til å delta fysisk, kan du følgje framlegginga digitalt her (YouTube).

Rapporten frå undersøkinga med tittelen «Ei vaklande plattform?», er tilgjengeleg her.

Undersøkinga er gjennomført av ei forskargruppe på fire ved HVO: professor emeritus Kåre Heggen (prosjektansvarleg), dosent Randi Bergem, professor Bjarte Folkestad og professor emeritus Tor-Johan Ekeland.   

Del på: