Profile picture for user joli

Jonas Gamborg Lillebø

Førsteamanuensis

Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag

 

Eg jobbar no med eit prosjekt der eg vil undersøke korleis ulike religiøse og filosofiske tradisjonar har forma det vestlege mennesket si evne til livsmeistring, og drøfte kritisk om desse kan og bør ha noko å seie for oss i dag, drøfte kritisk bruken av «spirituelle praksisar» frå ikkje-vestlege tradisjonar (slik som Yoga og meditasjon) for «livsmeistring». Prosjektet tek sikte på ein historisk-kritisk og komparativ analyse av tekstar innanfor ulike religiøse og ikkje-religiøse tradisjonar som drøftar kva det vil seie psykologisk og etisk sett å vere eit menneske. Eg vil undersøke kva desse tradisjonane har hatt å seie for oss, i kva grad dei har noko å seie for oss i dag, og i kvar grad dei burde ha noko å seie for oss. Prosjektet grip då attende til ein tradisjon for filosofi som er oppteken av praktiske problem i samtida og som knyter desse til historiske tekstar. Planen er å skrive tre artiklar om dette:

 

Tentativt innhald artikkel 1: Sjølvforhold i samtid og fortid. «Livsmeistring» er knytt til sjølvforholdet som i dag kjem til uttrykk gjennom diskusjonar om psykisk helse. Sjølvforholdet er komplekst og kviler på omgrep og praksisar som har utvikla seg historisk. Eg vil her diskutere spørsmålet kva form for sjølvforhold vi har i dag. Vidare vil eg undersøke i kva grad det kristne, stoiske, epikureiske og det platonske sjølvforholdet representerer ulike sjølvforhold som kan vere resursar for subjektet i møte med normer i samfunnet i dag.

 

Tentativt innhald artikkel 2: Relasjonane til andre. Eit grunnproblem i sosial og etisk tenking er korleis vi skal tenke menneskelege relasjonar: kor viktig er relasjonane for i det heile tatt å ha eit sjølvforhold, korleis skal eg handsame eit anna menneske? Når vi skal interagere med andre menneske, korleis skal vi handle med og tenke om dei? Diskusjonen om kva ein relasjon er har vore grundig diskutert innanfor jødisk etikk og relasjonstenking på 1900-talet. Dei ulike måtane å tenke dette på har vore forbløffande variert innanfor den jødiske tenkinga, men der ein likevel viser til ein måte å tenke mennesket på som er annleis enn den vestlege kristne og humanistiske menneskeforståinga.

 

Tentativt innhald artikkel 3: Krisa i den vestlege spiritualiteten og bruken av austleg spirituell praksis. Yoga og meditasjon vert nytta i jobb og skule i vesten. Og framleis reiser mange vestlege menneske til Asia for å delta i spirituelle fellesskap og lære Yoga og meditasjon. Lar dette seg delvis forstå på bakgrunn av ei krise i høve dei vestlege tradisjonane sine ressursar til «livsmeistring»? Er det uproblematisk å importere spirituelle praksisar som Yoga og meditasjon inn som del av vårt repertoar for «livsmeistring»? Som nokre har peika på er den vestlege individualismen ikkje eit uproblematisk utgangspunkt for å skjøne den individualismen som dei austlege praksisane baserer seg på.

 

 

Faglege interesser: Vitskapsfilosofi (spesielt fransk epistemologi, hermeneutikk, samfunnsfaga sin vitskapsfilosofi, historiografi), sekulariseringsteori, politisk teologi, filosofisk antropologi, sosialfilosofi, politisk filosofi, omsetjingsteori, interkulturalisme og kulturmøte.

 

Språkkunskapar:

 

Morsmål: Norsk

Flytande: Engelsk (munnleg, skriftleg)

Avansert: Fransk (munnleg, skriftleg)

Leseferdighet og enkel konversasjon: Tysk

Kjennskap: Latin, gamal gresk, italiensk

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vitskapeleg arbeid

CRIStin

Bøker

FIDUCIA E PAURA / FEAR AND TRUST [ISBN 9788890347924] 150s.
Publisert 2009 by Jonas Gamborg Lillebø, Paola Maria De Cuzzani

Anna

Hierarkisering av verdiar?
Publisert 2017 by Jonas Gamborg Lillebø

"Toleranse": grenser, affektar og relasjonar i eit pluralt samfunn.
Publisert 2015 by Jonas Gamborg Lillebø

Historiens rolle
Publisert 2015 by Jonas Gamborg Lillebø, Paola Maria De Cuzzani

Vil finne en ny måte å snakke om kultur på
Publisert 2014 by Jonas Gamborg Lillebø

Kulturelle forgreiningar
Publisert 2014 by Jonas Gamborg Lillebø

Hva vi snakker om når vi snakker om fremmede kulturer
Publisert 2014 by Jonas Gamborg Lillebø

The catetories "branchements" and "translation" in the interpretation of the contemporary European condition and managing its inner tensions
Publisert 2014 by Jonas Gamborg Lillebø

"Branchements" and "translation" as approaches to culture. An epistemological reflection on some aspects in the thinking of Jean-Loup Amselle and Paul Ricoeur [ISBN 978-82-308-2421-4]
Publisert 2013 by Jonas Gamborg Lillebø

Fra "oss" til "de andre"(og tilbake igjen)
Publisert 2013 by Jonas Gamborg Lillebø, Johannes Servan, Simen Andersen Øyen

For en ikke-instrumentell bruk av historien
Publisert 2013 by Jonas Gamborg Lillebø, Bjørnar Mortensen Vik

Approaches to culture
Publisert 2013 by Jonas Gamborg Lillebø

Translation as critique of cultural sameness
Publisert 2012 by Jonas Gamborg Lillebø

Kva betyr det at humaniora er relevant?
Publisert 2012 by Jonas Gamborg Lillebø

"Hybridity,branchements, dialectics."
Publisert 2012 by Jonas Gamborg Lillebø

Om Amselle og kulturomgrepet
Publisert 2012 by Jonas Gamborg Lillebø

Er humaniora si framtid samtida?
Publisert 2011 by Jonas Gamborg Lillebø

Oversettelse som artikulasjon av det interkulturelle
Publisert 2010 by Jonas Gamborg Lillebø

Translation as paradigm in culturally diverse societies
Publisert 2010 by Jonas Gamborg Lillebø

Vitskapsteori mellom problem og oversettelse. Latour, Canguilhem og Macherey
Publisert 2010 by Jonas Gamborg Lillebø

Oversettelsens paradigme
Publisert 2010 by Jonas Gamborg Lillebø

Humanioras rolle
Publisert 2009 by Jonas Gamborg Lillebø

The notion of comparison
Publisert 2009 by Jonas Gamborg Lillebø

The concept of culture in pluralistic Europe
Publisert 2008 by Jonas Gamborg Lillebø

Vitskapleg rasjonalitet mellom sanning og histoire 115s.
Publisert 2007 by Jonas Gamborg Lillebø, Paola Maria De Cuzzani
Publisher: Universitetet i Bergen

Louis Pasteur i lys av fransk vitskapsfilosofi
Publisert 2006 by Jonas Gamborg Lillebø