Vidareutdanning (bachelornivå)

Visuell programmering for lærarar

Studiet er retta mot lærarar og skal gi grunnleggande kompetanse i visuell programmering og algoritmisk tenking, med særleg vekt på didaktisk bruk i skulen. 

digitalisering i skolen
Start:
Haust
Omfang:
Deltid Nettstudium
Studiepoeng:
15
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå:
01.02.2026

Du får mellom anna kunnskap om sentrale omgrep og konsept innan visuell programmering og strukturen til algoritmar og program. Vidare skal du få innsikt i korleis visuell programmering kan støtte utvikling av grunnleggande ferdigheiter hos elevar. Studiet skal også gi kompetanse sett i høve til overgang mellom visuell og tekstbasert programmering. Det vert lagt vekt på at du som student skal reflektere kritisk over eigen praksis og bruk av programmering i undervisninga.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, barnehagelærar, faglærar, Praktisk-pedagogisk utdanning)

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er organisert som eit nettstudium. Arbeidsmåtar som vert nytta er til dømes: videoressursar, praktiske øvingar, prosjektarbeid, refleksjonsnotat, erfaringsdeling og rettleiing frå faglærar.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir kompetanse som er etterspurt i skuleverket.