Vidareutdanning (bachelornivå)
Digital skulehage og uteskule
Skulehagen eller naturen i nærmiljøet er ein flott læringsarena. Emnet gir lærarar høve til å utforske lyd og bilete, skape med enkle kretsar, måle og eksperimentere med sensorar og mikrokontrollarar eller bygge robotar og maskinar saman med elevane.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 5
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.11.2025
Å jobbe digitalt ute gir også en inngang til å jobbe med bærekraft på en framtidsretta måte, og adressere aktuelle tema som teknologi i landbruket, fornybar energi og naturmangfold.
Målgruppa er lærarar i grunnskulen og andre som har ønske om å utvikle sundervisninga si og få ny inspirasjon. Emnet er relevant for lærarar i ei rekke fag, men er spesielt relevant for naturfag, kunst og handverk og matematikk på barnetrinnet. Emnet vil gi kompetanse i å jobbe tverrfagleg og bruke eit breitt utval digitale verktøy for å få kreativ, elevaktiv og framtidsretta undervisning.
Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr i tillegg til semesteravgift.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet har tett fagleg oppfølging, og vi oppfordrar til samarbeid og deling. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrava i emnet.
Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning