Studiestart 2019 - program for opningsdagen

Studiestart

Vi ønsker alle studentar velkommen til studiestart tysdag 20. august. Den offisielle opninga føregår utandørs, på baksida av Berte Kanutte-huset.

10.00 - 12.00  Organisasjonstorg i/ved Berte Kanutte-huset
Bli kjent med lag og organisasjonar i Volda. 

11.30-12.00: Oppvarming med studentbandet "Svart Kaffe"

12.00: Offisiell opning av studieåret. Helsingar og musikk.
- Helsing frå rektor Johann Roppen
- Hovudtale ved Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister
- Helsing frå leiar v/ Studentparlamentet Trym Rimmen
- Utdeling av studentprisen 2019
- Helsing frå faddersjef Roy Christian Andersen

12.45: Studentane samlar seg etter studieprogram og møter fadderar og medstudentar. Faddarane tek med seg studentane til faglege orienteringar.

13.15: Faglege orienteringar - møt lærarane dine. Kva rom du skal møte opp i finn du under "praktisk informasjon" her: www.hivolda.no/studium

14.30: Fadderveka tek til. Følg med på www.fadderveka.no.

Facebook-arrangement


Få meir informasjon om studiestart her

Del på