Se liste over studieplaner som starter:

Politikk, makt og juss

Studieprogram: 
Politikk, makt og juss
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
10
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2025
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse og minst 2 års arbeidserfaring. Arbeidserfaringa treng ikkje å vere relevant for emnet du søker på.

Om studiet

Politikk, makt og juss gir ei innføring i stats - og kommunalkunnskap og i sentrale juridiske spørsmål i offentleg rett. 

Tilrettelagt studietilbod for personar i arbeid som treng kompetansepåfyll eller relevant vidareutdanning. 

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram.

Kunnskapar

Studenten har  

  • kunnskap og forståing om organisering av politiske system 
  • grunnleggande kunnskap om korleis det norske politiske systemet og samfunnet er organisert​   
  • grunnleggande kunnskap om forvaltningsretten sin plass i rettssystemet​  
Ferdigheiter

Studenten kan​   

  • drøfte utfordringar med den norske samfunnsmodellen​   
  • lage akademisk oppgåvestruktur og bruke kjelder   
Generell kompetanse

Studenten skal kunne   

  • formidle kunnskap om det norske politiske systemet, både skriftleg og munnleg

Organisering og arbeidsmåtar

Nettleksjonar, videoleksjonar, oppgåver og digitale diskusjonsforum i gjeldande læringsplattform. Nettleksjonar og videoleksjonar er asynkrone og kan gjennomførast når det passar for studenten, innanfor rammene av semesteret emnet går. Det kan også bli gitt tilbod om digitale møter i sanntid.

Politikk, makt og juss
Navn: 
Politikk, makt og juss
Emne2025 Haust
10
Kostnader

Studieavgift per emne: 3500 kr

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Bjarte Folkestad