See list of study plans starting on:

Engelsk årsstudium, heiltid, oppstart vår

Studieprogram: 
Engelsk - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
60
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk årsstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan utgjere ein del av ein bachelorgrad, t.d. bachelorgraden in språk og litteratur ved HVO. Studiet kan også nyttast som eit første steg mot ein mastergrad i engelsk. Studiet kvalifiserer også, i kombinasjon med PPU (praktisk pedagogisk utdanning), til arbeid som engelsklærar i skulen. Frå hausten 2019 krevst det mastergrad som inneheld minst eitt skulefag for å bli tatt opp til PPU.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført studium har studenten kunnskap om:

- vokabular, struktur og funksjon i engelsk språk

- kultur, samfunn og litteratur i nokre land der engelsk er hovudspråk

- normer for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk

- stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruken til ulike situasjonar

Ferdigheiter

Etter fullført studium kan studenten:

- identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk

- analysere eldre og nyare engelskspråkleg litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område)

- tolke kulturelle og samfunnsmessige fenomen og tekstar frå engelskspråklege land

- bruke engelsk sikkert og funksjonelt, skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse

Studenten kan nytte fagstoffet til å skaffe seg større innsikt på dei ulike områda innanfor faget, og kommunisere på engelsk i ulike samanhengar.

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng. Det vert undervist i to emne i haustsemesteret og to emne i vårsemesteret. Det er obligatorisk oppmøte til undervisning (onsdag, torsdag og fredag) i alle emne.

Engelsk årsstudium, heiltid, opptak vår
Praksis

Det er ikkje praksis i dette studiet.

Internasjonalisering

Utanlandsopphald:

Eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York er ein obligatorisk del av studiet, lagt til emnet ENG 144. Studentar som etter individuell grunngitt søknad får fritak frå dette kravet, må i staden utføre eit arbeidskrav relatert til innhaldet i studieopphaldet.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Kjetil Myskja, km@hivolda.no, tlf. 7007 5078