See list of study plans starting on:

Planlegging og administrasjon

Studieprogram: 
Planlegging og administrasjon - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
60
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon gir ei brei innføring i sentrale samfunnvitskaplege emne med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap og organisasjonsteori, økonomi og jus. Søkelyset er retta mot viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking. Dette dannar grunnlag for ei vidare innføring og fordjuping i offentleg administrasjon, samfunnsplanlegging og regionalt utviklingsarbeid. Med ein tverrfagleg og yrkesretta profil, vil studiet kunne rekruttere kandidatar til eit breitt utval av arbeidsoppgåver og yrke både innan offentleg, privat og frivillig sektor. Samstundes vil studiet vere ei god plattform for ulike typar vidareutdannings- og mastergradsløp.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten har tileigna seg kunnskap om og forståing av:

  • Økonomiske, sosiale og miljømessige utviklingstrekk, og dei politiske utfordringar desse gir i forhold til berekraftig utvikling.  
  • Det teoretiske og metodiske grunnlaget for planlegging og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar
  • Strategiar og tiltak for å utvikle robuste og attraktive regionar, kommunar og lokalsamfunn – både i eit teoretisk perspektiv og i lys av regionalpolitiske vedtak og rammevilkår 
Ferdigheiter

Studenten kan å:

  • analysere og forstå utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og styringsverk  
  • reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
  • gjennomføre sjølvstendig fagleg arbeid, både individuelt og i grupper
  • samhandle med ulike aktørar frå offentleg, privat og frivillig sektor
  • utvikle eigen innsikt og kompetanse knytt til planlegging, administrasjon og utviklingsarbeid

 

Generell kompetanse

Studenten skal generelt kunne:

  • vurdere problemstillingar og drøfte ulike løysingsalternativ
  • føreta kritiske vurderingar av perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for arbeidsoppgåver knytt til planlegging og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar
  • bruke strategiar og verktøy knytt til tverrfagleg planlegging og utviklingsarbeid på ein konstruktiv og kritisk måte
  • ha evne til kritisk refleksjon over eiga rolle som tilretteleggjar av planleggings- og utviklingsprosessar 

Fullført studium gir studentane eit fagleg godt og allsidig grunnlag for arbeid med planlegging, forvaltning og utviklingsarbeid i offentleg sektor og andre samfunnsområde. Dette kan omfatte arbeid med oppgåver knytt til planlegging, administrasjon og til organisering og leiing av ulike typar utviklings- og omstillingsarbeid. Studiet er også veleigna som bakgrunn for annan yrkesaktivitet, t.d. organisasjonsarbeid og informasjonsverksemd. Utdanninga kvalifiserer til vidare påbygging til mastergradsstudium, t.d. master i samfunnplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.

Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon er lagt opp som ei fleksibel samfunnsvitskapleg grunnutdanning med ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne. Studieprogrammet gir 180 studiepoeng og går over seks semester. Av dette er 120 studiepoeng obligatoriske og 60 valfrie.

Første studieår inneheld to tverrfaglege emne, Samfunnskunnskap og Forvaltningskunnskap, kvart på 30 studiepoeng. Emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret. Samfunnskunnskap gir ei grunnleggande innføring i sentrale samfunnsgeografiske, sosiologiske, statsvitskaplege og samfunnsøkonomiske emne. Forvaltningskunnskap rettar søkelyset mot viktige lokale- og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver og jus.

Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to førsteårsemna. Med utgangspunkt i aktuell teori og samfunnsvitskapleg metode vil studentane få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.

Studentar som ynskjer å avslutte etter eitt år, kan be om ei karakterutskrift som stadfesting av emna dei har fullført.

Andre studieår er valfritt. Instituttet tilbyr emna Kommunal økonomi (IPA105), Forvaltningsarbeid (IPA106) og Grunnleggande innføring i leiing (IPA171), samt emnet Internship with internship report (IPA206). Alternativt kan det tilretteleggast for studiar i utlandet eller val av frie studieemne ved HVO eller andre norske universitet og høgskular.

Tidlegare fagemne/studiar kan søkjast om å få godskrive her, jf. §4-10 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Dei valfrie emna som instituttet gjev tilbod om, kan bli avlyst dersom det melder seg for få studentar.

Tredje studieår inneheld fire obligatoriske fordjupingsemne. I haustsemesteret blir søkelyset retta mot regionale planleggings- og utviklingsprosessar i emna Samfunnsplanlegging og innovasjon (IPA202) og The European Union and regional development: theories and practice (IPA213), kvart på 15 studiepoeng.

6. semester omfattar to emne på 15 studiepoeng: Juridiske emne (IPA209)og Bacheloroppgåve (IPA210) med sjølvalt tema.

Praksis

Internship with internship report (IPA206) er eit valfritt emne i 4. semester. Studentane skal her planlegge og gjennomføre eit praksisopphald på 12 veker i tillegg til å utarbeide rapport med tema og problemstillingar knytt til praksisfeltet. Aktuell praksisplass kan vere innan offentleg, privat eller frivillig sektor. Det vil her også kunne leggast til rette for praksisopphald i utlandet. Val av praksisplass skal vere godkjend av instituttet. Praksisrapporten utgjer eksamensarbeidet for emnet og skal vere på omlag 8000 ord.

Internasjonalisering

Andre studieår er valfritt, og det kan tilretteleggast for studiar i utlandet. 

Anna
Valfrie semester: Både 3. og 4. semester i bachelorutdanninga er valfrie. Studentane kan her velje mellom ulike undervisningstilbod ved HVO eller tilbod frå andre utdanningsinstitusjonar i Norge eller i utlandet. Emne (inntil 60 studiepoeng) frå andre universitet og høgskular vil også kunne bli godskrive som del av utdanninga, jf. §4-10 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Instituttet er medlem av AESOP (The Association of European Schools of Planning), eit nettverk med europeiske universitet og høgskular som driv med undervisning og forsking i samfunnsplanlegging. Det er også inngått intensjonsavtalar kring program for studentutveksling med institusjonar i fleire land i Europa, USA m.v.
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Ansvarleg
Grethe Mattland Olsen, gmo@hivolda.no, tlf.: 70075182.