See list of study plans starting on:

Historie årsstudium

Studieprogram: 
Historie - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Studiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram mot vår tid, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode. Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.

Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.

Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.

Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande oversikt over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, kan trekke samanhengar mellom desse og samanlikne desse
  • har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
  • har gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område el. tema
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
  • har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Organisering og arbeidsmåtar

Historie årsstudium er sett saman av 4 emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, i tillegg vel ein mellom eit historisk innføringsemne (HI100) som har studietur til Roma, eller eitt teoretiske fordjupingsemne. Fordjupingsemnet kan ikkje veljast før 2 av dei obligatoriske grunnemna er fullført. Studenten kan velge mellom alle fordjupningsemna som det er tilbod i, anten emnet går lokalt med forelesing eller om det går som nettstudium. Det må melde seg minimum 8 studentar for at eit fordjupningsemne skal gå med forelesing.

Historie årsstudium
Navn: 
Historie årsstudium
Emne2016 Haust2017 Vår
Obligatoriske emne
3015
 
15
 
15
 
15
Valbare emne vårsemesteret (Instituttet tek atterhald om påmelding og at nødvendige lærarkrefter er disponible):
15
 
15
 
15
 
15
Anna
Alle oversynsemna har obligatorisk frammøte for lokalstudentane. Dei som ikkje har minst 80% frammøte på både forelesningane og seminara, vert det gitt ekstra arbeidskrav, sjå meir under vilkår for å framstille seg til eksamen i den einskilde emneplan. Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Dette gjeld særleg for lokale studentar som følgjer førelesing og seminar i Volda. Etter måten få undervisningstimar i veka gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Harald Endre Tafjord, 70075074, HaraldT@hivolda.no