Vitnemål/Grader

Bachelorgrad

Bachelorgraden er ein lågare grad og har ei normert studietid på tre år. Bachelorgraden vart innført hausten 2002, og difor må delar av utdanninga vere avslutta etter dette. Det er også krav om at minst 60 studiepoeng må vere frå skulen der du søkjer om graden.

Ein kan få bachelorgrad ved å:

- følgje eit fastlagt 3-årig bachelorprogram

- setje saman ein bachelorgrad sjølv, etter fastsette reglar - ein fri bachelorgrad. Du søkjer om graden etter at du har fullført alle delar, med eige skjema som ligg på skjemasida vår.

Mastergrad

Mastergraden er ein høgare grad, med normert studietid på to år etter bachelorgraden, totalt 5 år høgare utdanning. Kravet for å kome inn på mastergraden er vanlegvis bachelorgrad eller tilsvarande, innan eit fagfelt som er relevant for mastergraden.

Det finnast også integrerte masterutdanningar som startar på grunnivå og varer 5-6 år.

Yrkesutdanning

Bachelor i sosialt arbeid – barnevernspedagog og sosionom

Studieprogramma i sosialt arbeid er treårige integrerte profesjonsutdanningar. Arbeidsområdet omfattar både førebyggande- og klientretta arbeid, sakshandsaming og oppfølging.

Barnevernspedagogutdanninga kvalifiserer til arbeid ved barnevernstenesta i kommunesektoren, i kultur- og oppvekstsektoren, i ungdomsklubbar, i skule og skulefritidsordningar og i barne- og ungdomsinstitusjonar.

Sosionomutdanninga kvalifiserer til arbeid i sosial- og barnevernstenesta, i arbeid retta mot funksjonshemma, i skuleverket, ved familierådgivingskontor, i fengsel og kriminalomsorg i fridom og i rusmiddelomsorg.

 

Barnehagelærar

Utdanninga kvalifiserer til arbeid som pedagogisk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk er barnehagelærarar kvalifiserte til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen.

 

Grunnskulelærarutdanningane
 har ei studietid på 4 år før dei gjev vitnemål.
Det er høve til å skrive ut vitnemål til og med 31.12.17 for studentar som starta Allmennlærarutdanninga etter rammeplan 2003.

 

Praktisk-pedagogisk utdanning

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei yrkesutdanning på 60 studiepoeng (heiltid/deltid) som primært kvalifiserer for lærararbeid på ungdomssteget i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Utdanninga gir også undervisningskompetanse på andre opplæringsarenaer innanfor fagområdet ditt.

Doktorgrad (Ph.D)

Etter fullført mastergrad er det mogleg å ta ein doktorgrad (Ph.D.-grad). Utdanninga er normert til tre år og går føre seg innanfor rammene av eit organisert program.

Doktorgradsutdanninga består av ei avhandling og ein opplæringsdel. Opplæringsdelen utgjer minst 30 studiepoeng av programmet. Innanfor utdanninga er det høve til utanlandsopphald, tverrfagleg samarbeid og deltaking i forskarskular.

Ved slutten av doktorgradsutdanninga blir ein tildelt Ph.D.-graden på grunnlag av:

  1. Gjennomført opplæringsdel.
  2. Vitskapleg avhandling.
  3. Doktorgradsprøve.

Doktorgradsprøven består av ei prøveførelesing og eit offentleg forsvar av avhandlinga (disputas).

Vitnemål/diploma supplement/karakterutskrift

Dei som fullfører eit studium til vanleg tid får karakterutskrift eller vitnemål i posten.
Er du aktiv student, kan du bestille karakterutskrift i Studentweb. Vi nyttar heimeadressa som ligg i Studentweb - hugs å registrere rett adresse.
Det vert også skrive ut Diploma Supplement.


Diploma Supplement

Diploma Supplement vert skrive ut automatisk, gratis og på engelsk til alle studentar som får vitnemål for fullført grad ved universitet og høgskular i Norge.

Diploma Supplement er ei forklaring på oppbygging av studiet og ei oversikt over det norske utdanningssystemet. Det kan nyttast ved søking til andre institusjonar i utlandet eller ved jobbsøking.

For meir informasjon om Diploma Supplement i Norge, sjå NOKUT sine nettsider.

 

All fullført utdanning vil ligge i Vitnemålsportalen. Dette gir deg ein rask og trygg måte å dele informasjon om utdanning du har fullført.

Fri bachelorgrad

Vil du byggje din eigen bachelorgrad med nye eller tidlegare studium? Bachelorgraden vart innført hausten 2002, og difor må delar av utdanninga vere avslutta etter dette. Det er også krav om at minst 60 studiepoeng må vere frå skulen der du søkjer om graden.

Det vi skriv gjeld Høgskulen i Volda, mens andre høgskular og universitet har eigne forskrifter.

Oppbygging av fri bachelorgrad

Dette er regulert av Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda 
Vi kan tildele bachelorgraden på grunnlag av 180 studiepoeng som inneheld:

  • 80 studiepoeng i eit fagområde, der minst 20 av dei er på fordjupingsnivå, eller eit integrert studium på 120 studiepoeng
  • 30 studiepoeng i eit anna fagområde enn punktet ovanfor
  • eit sjølvstendig arbeid knytt til fordjupingsdelen, med omfang på minst 15 studiepoeng, til dømes ei bacheloroppgåve

Vidare må minst 60 studiepoeng av utdanninga vere frå Høgskulen i Volda. Minst 60 av studiepoenga i den nye graden skal ikkje ha vore nytta i tidlegare grad/yrkesutdanning, og desse studiepoenga må vere fullført ved Høgskulen i Volda - jf Forskrift om godskriving og fritak av høgre utdanning 

Du kan søkje om graden når du fyller desse krava.

Skjema for søknad om fri bachelorgrad

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset