NRK P3 sender direkte frå dokfilm
- Osenbanden på P3 sender direkte frå Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Du kan bivåne sendinga i festivalbaren på Samfunnshuset, fredag 28. april kl. 16.00-18.00, melder dei informasjonsansvarlege på festivalkontoret.
Osenbanden kjem til festivalbaren på Samfunnshuset i Volda.
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen presiserer:
Programmet blir kvar fredag leia av Ken Wasenius-Nilsen, og det er han som
leier programmet frå Volda.
Programmet ”Osenbanden” hadde premiere i påska, men programleiaren er veteran i P3-sammenheng.
Are Sende Osen er best kjend som Are i ”Are og Odin,” og duoen har herja eteren i fleire år og turnerte landet med sin Individ Tour.
Like før jul skilde dei lag, og i påsken gjorde Osen come back på radio utan Odin.
- Osenbanden er mitt program. Verda sett gjennom mine auge. Vi snakkar om det vi er opptatt av, fortel Osen.
Tidlegare voldastudent med i banden
I redaksjonen hans finn vi tidlegare voldastudent Ken Wasenius-Nilsen, kjend frå P3-programmet Ken eller Torkil.
Fredag 28. april kl. 16–18 sender Osenbanden frå festivalbaren på Samfunnshuset.