Drama fordjuping presenterer ”Fruen fra Havet”

Tysdag 25. og onsdag 26. oktober framfører 13 dramastudentar Henrik Ibsen sitt skodespel ”Fruen frå havet” i teatersalen i Kaarstad-huset. – Stykket handlar om valet mellom tryggleik og spenning. Skal ein tore å gjere noko nytt, eller skal ein bli der ein er, seier dramastudent Linda Røsvik.

Fridom under ansvar
I ”Fruen fra havet” tek Ibsen opp problematikken kring kva konsekvensar dei vala vi tek får for oss sjølve og andre.

alle-melding
Gjengen frå Drama 3.

- ”Fruen fra havet” handlar om mellommenneskelege relasjonar og indre kampar. Her er  det kamp mellom det trygge og det fårlege, mellom det frie og det ufrie og mellom det kjende og det ukjende. I vår frie oppsetjing av "Fruen fra Havet"  nyttar vi også dikt skrivne av Jon Fosse, seier student Tonje Nyheim.

 

tonje
- ”Fruen fra havet” handlar om mellommenneskelege relasjonar og indre kampar, seier dramastudent Tonje Nyheim.

 

Hovudpersonen er altså Ellida Wangel. Ho har gifta seg med den mykje eldre doktor Wangel, og gjennom det ekteskapet fått to stedøtre som ikkje er så mykje yngre enn ho sjølv. Hun får ein son med Wangel, som døyr berre noen månadergamal.

Doktor Wangel blir etter nokre år ganske uroa for Ellida sin mentale tilstand. Han synest ho verkar underleg og uroleg. Han skriv til den tidligare huslæraren Arnholm og ber han kome å vitje dei i håp om at det skal kunne hjelpe Ellida til å snakke om det som plagar henne.

Ellida har tidligare vore forlova med ein sjømann, den ”Fremmede”. Den mannen har ho ikkje klart å gløyme. Etter kvart får vi innsikt i tankar, kjensler, lengslar og begjær Ellida går og ber på. Til slutt vert ho sett i ein situasjon der ho må ta eit val mellom kven hun vil dele livet sitt med.

Ibsen viser oss gjennom personen Ellida Wangel, ikkje ein typisk kvinneskikkelse frå 1880-talet, men eit vesen med  tidlause eigenskapar.

 

linda
– Stykket handlar om aktuelle spørsmål om valet mellom tryggleik og spenning, seier Linda Røsvik.

Sju jenter spelar Ellida

- Den ukjende er ein eventyraktig person. Eigentleg får vi aldri vite om dette er ein verkeleg person eller eit produkt av Ellida sin fantasi. At sju jenter spelar Ellida er av kunstnarlege og praktiske grunnar. Ellida er nemleg eit menneske som er veldig skiftande, seier instruktør og dramalærar Sigrun Meisingset..

 

fruene-meld
Seks av dei sju som spelar Ellida Wangel.

Skodespelarane

Ellida Wangel: Aina Bjørlykke Solberg, Tonje Ask Nyheim, Karen Eikrem, Christine Karlsen, Linda Heaney Røsvik, Astrid Kvam Helset ogLiv Annbjørg Eidhamar.

Bolette Wangel: Camilla Olsen Moss

Hilde Wangel: Heidi Akselsen Bjerke

Hans Lyngstrand: Bergit Sunde

Doktor Wangel: Arve Morkemo Johansen

Overlærer Arnholm: Johan Ingar Melle

Fru Ballested: Silja Kaarina Nenonen

 jentene-meld

Stedøtrene spelt av Camilla Olsen Moss og Heidi Akselsen Bjerke i fri utfalding.

FRUEN FRA HAVET - FRITT ETTER HENRIK IBSEN

Tysdag 25. oktober kl. 13.00

Onsdag 26. oktober kl. 19.00

Teatersalen, Kaarstad-huset.

Bill. kr 50,-

ALLE VELKOMNE!

Sjå også oppslag i Sunnmørsposten

Del på: