Studenthumanisten

Høgskulen i Volda er fyst ute i landet med ein studenthumanist, men kva i all verda er ein studenthumanist?

Studenthumanisten er ein samtalepartner som du kan gå til om du opplever noko i livet som du syns er vanskelig, og er nokon å tenke saman med om etiske og eksistensielle spørsmål. Studenthumanisten jobbar også for å skape møteplassar for å utforske etiske og eksistensielle tema som er aktuelle i livet som student.

Tilbodet er eit supplement til det eksisterande rådgjevingstilbodet ved Høgskulen i Volda/Studentsamskipnaden i Volda, då Lone er ein humanistisk livsveiledar tilsett i Human-Etisk Forbund.

Du finn henne på Berte Kanutte-huset, mellom lokala til studentparlamentet og biblioteket. Ta kontakt for å gjere avtale om individuelle samtaler som blir gjort i eige samtalerom.

Rom: BK 155A, Møterom Studentparlamentet i 1. etg i Berte Kanutte-huset.

E-post: lone.knutsen@human.no

Telefon: 99 29 54 80

Facebook

Instagram