Studentprest
Studentpresten er ein del av samtaletilbodet ved Høgskulen i Volda. Men kva kan ein snakke med ein studentprest om?
Til studentpresten kan du komme med heile livet ditt. Det er rom for å snakke om alle slags tema, og det er rom for å leite etter ord for korleis du har det. Ingenting er for stort eller lite til å ta med inn i samtalen.
Studentpresten tilbyr samtale til alle uansett tro og livssyn. Studentpresten har teieplikt, og tenesta er gratis.
Her er døme på kva du kan snakke med ein studentprest om:
- Identitet og det å finne seg sjølv
- Einsemd
- Relasjonar, familie, vener og kjærleik
- Tunge periodar og vanskelege tema
- Motivasjon og studiekvardag
- Meining, livssyn og tru
- Du har det vondt, men ikkje ord
Studentprestetenesta er eit supplement til det eksisterande rådgjevingstilbodet ved Høgskulen i Volda/Studentsamskipnaden i Volda, regi av Den norske kyrkja.
Det er Ruth Eva Sollie, prest i Den norske kyrkja i Ørsta, som er studentprest ved Høgskulen.
Du finn henne på Berte Kanutte-huset, mellom lokala til studentparlamentet og biblioteket. Ta kontakt for å gjere avtale om individuelle samtaler som blir gjort i eige samtalerom.
E-post: studentprest@hivolda.no
Sosiale medium: Facebook, Instagram
Telefon: 98059751