Behandling av personopplysningar om deg som tilsett

Behandlingsgrunnlaget for behandling av personopplysningar deg som tilsett er Personvernforordninga GDPR  artikkel nr 6 nr1. bokstav a,b,c eller f, samt art. 9 nr. 2 bokstav eller b.

Opplysningane om deg vert nytta til lønn- og personaladministrative føremål, som å berekne løn, oversikt over arbeidstid, fråvær, ferie og permisjonar, sjukmeldingar og  andre opplysningar i høve arbeidsforhold. Anna informasjon som vert handsama er kontaktinformasjon, fødselsnummer, lønnsopplysingar, ansiennitet og kontaktinformasjon til pårørande. Personvernerklæringar for kvart system gir meir informasjon om kva kvart enkelt system behandlar.  
Opplysingar om namn, stilling og arbeidsområde reknast som offentleg og kan publiserast på høgskulen sine internettsider. Portrettbilete av deg publiserast om du ikkje ber om unntak.  
Personalsjef er delegert det daglege ansvaret for behandling av personopplysningar for tilsette. Det inneber at en skal sikre at nødvendige rutinar er utarbeida for å sikre kvalitet, konfidensialitet, integritet og at tilsette har opplæring i rutinar og bruk av system. De fleste av våre system har strenge tilgangsmatriser.