Opprykksseminar

2021-03-08T13:00:00 - 2021-03-08T16:00:00
Legg til i kalender

Vurderer du å søkje opprykk til toppstilling? På dette seminaret vil du få innblikk i regelverket rundt opprykk til professor og dosent, og du får gode råd og inspirasjon for søknadsprosessen.

Opprykksseminaret er eit tiltak i ramma av NFR-prosjektet «Kvinneløftet».
Vi informerer om moglegheit for førehandsvurdering av kompetanse og tildeling av mentor for opprykksprosessen. 

Målgruppe: Kvinnelege førstekompetente i fast stilling – men ope for alle.


Program:

13:00 Velkommen ved rektor Johann Roppen

13:10 Opprykksregelverket ved personalsjef Randi L. Urke

13:30 Undervisningskompetanse ved prorektor Odd Helge Tonheim

13:50 Pause med servering av oppkvikkande smoothie

14:00 Strategisk CV-bygging mot opprykk ved professor Gunnar Hartvigsen (UiT)

15:00 Spørsmål til innlegget til Gunnar Hartvigsen

15:15 Pause

15:25 Info om førehandsvurdering av opprykkssøknad og mentor for professoropprykk ved forskingssjef Henriette Hafsaas og forskingsrådgivar Hildegunn Hovde

15:45 Spørsmål og svar


Vi får med oss digitalt professor Gunnar Hartvigsen frå UiT. Professor Hartvigsen har vore medlem av over 90 bedømmingskomitear for vitskaplege stillingar i inn- og utland, og han har vore mykje brukt til liknande seminar ved andre institusjonar.

Påmelding til arrangmentet har gått ut i e-post til førstekompetente i fast stilling ved Høgskulen i Volda.

Hjarteleg velkomen!
 

Del på