Strategi 2027-2037

Danning og demokrati

Høgskulen i Volda har eit tydeleg samfunnsoppdrag og ein sterk fagleg identitet. Gjennom mange tiår har vi utdanna lærarar, journalistar, sosialarbeidarar og andre profesjonsutøvarar som har vore med og forma samfunnet rundt seg. Heile vegen har vi halde fast ved ein studiekvardag der studenten ikkje er anonym, og der ein bryr seg om kvarandre. Dette er ein arv vi er stolte av og aktivt skal ta vare på.

Med samfunnsvitskap og humaniora som basis har vi vidareutvikla profilen med praksisnære profesjonsutdanningar, nynorsk som fag- og arbeidsspråk og eit miljø der folk er tett på kvarandre.

Vi gjer prioriteringar som hevar kvaliteten. Vi har meir og betre forsking, underviser tettare på områda vi utdannar for, vidareutviklar studieporteføljen og tek større rom der kunnskapen høyrer heime.

Tre studenter som går fremfor mediebygget

Våre verdiar

  • Tett på: Vi er i dialog og skapar saman.
  • Nysgjerrig: Vi utforskar og utfordrar.
  • Vidsynt: Vi er opne og inkluderande.

Vi har følgjande strategiske mål fram mot 2037:

  1. Nær og framtidsretta utdanning
  2. Relevant og synleg forsking og utviklingsarbeid
  3. Demokrati og ytringsfridom
  4. Ein organisasjon for framtida