Internasjonalisering og strategi

Høgskulen i Volda har internasjonalisering av utdanning og forsking som eit høgt prioritert satsingsområde.

Den nyaste Handlingsplan for internasjonalisering 2018-2020 fokuserer på koplinga mellom kvalitetsarbeid og internasjonalisering, samt ei styrking av kunnskap og kompetanse knytt til internasjonalt samarbeid ved høgskulen. Framover vil HVO jobbe for å fokusere vårt internasjonale engasjement og prioritere strategisk viktige partnarskap og fagområder. 

 

HVOs overordna strategiplan viser til betydninga av internasjonalt samarbeid i utdanning og forsking. Blant dei konkrete tiltaka i strategi 2017-2020 finn vi mellom anna:

  • HVO skal vere blant dei beste på studentutveksling
  • HVO skal nytte Erasmus+ programmet til å auke studentutvekslinga
  • HVO skal legge til rette for at det blir skrive søknader om eksterne midlar frå regionale, nasjonale og europeiske finansieringskjelder