Barnehagelærarutdanninga

Det er eit stort behov for kvalifiserte barnehagelærarar i dagens samfunn. Utdanninga kvalifiserer til arbeid som pedagogisk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk er barnehagelærarar kvalifiserte til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen. Etter gitte retningsliner gir barnehagelærarutdanninga grunnlag for opptak til masterstudiet i undervisning og læring ved Høgskulen i Volda og andre relevante masterutdanningar

Krav til opptak til barnehagelærarutdanninga er generell studiekompetanse.

Kontakt

Studieleiar: Elisabeth Welle
Praksiskonsulent: Hanne Elin Harnes