Grupperom på Høgskulen i Volda

Det er 24 grupperom på høgskuleområdet som studentar kan booke. 
Tilsette kan ikkje booke grupperom her, dette er berre for studentar.

Reglar for reservasjon av grupperom:

  • Kvar gruppe kan maksimalt tinge rommet for 5 timar samanhengande.
  • Dersom ei gruppe har tinga rommet og ikkje møter, kan andre ta over etter 15 min.
  • Kvar gruppe kan berre reservere rommet i 3 dagar etter kvarandre.

- Tips: Vel tid først, så vil du berre sjå rom som er ledige (dei som er opptatt vert ikkje vist).
Lenke til timeplan i TimeEdit

Grupperoma på biblioteket er tilgjengeleg når biblioteket er ope og når det meirope bibliotek. Når biblioteket ikkje er bemanna kjem ein inn i biblioteket gjennom hovuddøra, og brukar studentkortet for å opne døra. Sjå biblioteket si side for opningstider.

Dersom det er problem med systemet: eigedom@hivolda.no
Tips om forbetring av systemet og melding om misbruk: leif.strand@hivolda.no

Ønsker du å lagre eller skrive ut lista med grupperom frå Word kan du logge på OneDrive her og hente lista. Lista vert stadig oppdatert.

Grupperom på kartet