Lærarutdanningsbarnehagar

Arbeidet med lærarutdanningsbarnehagar tek utgangspunkt i strategidokumentet Lærerutdanning 2025 Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene. Ein lærarutdanningsbarnehage er ein barnehage som har inngått avtale om partnarskap med barnehagelærarutdanninga.

Det skal vere eit likeverdig partnarskap mellom utdanningsinstutisjon og barnehage, som bygg på eit stabilt og langsiktig samarbeid om kompetanseutvikling, praksisopplæring, forsking- og utviklingsarbeid. Målet er å utvikle og forbetre utdanningskvaliteten for studentane, og styrke kompetanseutvikling i barnehagane gjennom eit likeverdig samarbeid.

Høgskulen i Volda har per i dag inngått avtale om partnarskap med Almejordet barnehage i Ulstein kommune og med Tennfjord barnehage i Ålesund kommune. Partnaravtalen har ei varigheit på fire år, august 2025- august 2029.

Samarbeid og tiltak

Styringsgruppe: Denne gruppa skal sjå til at måla for samarbeidet vert nådd, og at det er samanheng mellom mål og ressursar. Styringsgruppa blir leia av studieleiar ved barnehagelærarutdanninga Elisabeth Welle. Medlemmar er elles dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, eigar av utdanningsbarnehagane, styrar ved utdanningsbarnehagane og to studentar frå barnehagelærarutdanninga.  

Arbeidsgruppe: Praksiskoordinator for barnehagelærarutdanninga Hanne Elin Harnes, er leiar for arbeidsgruppa og koordinerer lærarutdanningssamarbeidet for barnehagelærarutdanninga. Medlemmar i arbeidsgruppa er praksiskoordinator i barnehagelærarutdanninga, styrar i lærarutdanningsbarnehagane, to representantar for praksislærarane frå lærarutdanningsbarnehagane og ein vitskapeleg tilsett ved institutt for pedagogikk.  Arbeidsgruppa skal følgje opp arbeidet med lærarutdanningsbarnehagar gjennom året, og ha fokus på saker som støttar opp om samarbeidet og utvikling av utdanninga og barnehagane. 

Kombinert stilling: Eit av målbilda i Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene, Lærerutdanning 2025 er at det i løpet av perioden skal opprettast kombinerte stillingar mellom utdanningsbarnehagane og høgskulen. I august 2021 blei det oppretta ei kombinert stilling (30%) for Anniken Eidsvik ved Tennfjord barnehage. Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk. Frå desember 2025 er det inngått ei ny avtale om kombinert stilling (20%) for Annett Linn Hansen ved Almejordet barnehage. Stillinga er knytt til Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag.

Samarbeid om FoU og hospitering: I tillegg til samarbeid om ordinær praksisopplæring blir det arbeida mot eit nært samarbeid mellom dei to lærarutdanningsbarnehagane og Høgskulen i Volda for gjensidig læring og utvikling. Til dømes gjennom kompetanseheving for begge partar gjennom samarbeid om forsking og utviklingsarbeid i barnehagen og hospitering i barnehagen for vitskapeleg tilsette ved barnehagelærarutdanninga. 

Samarbeid om undervisningsopplegg: Styrar og pedagogar frå utdanningsbarnehagane bidreg inn i undervisninga før praksis, med tema som til dømes Det første møte med praksisbarnehage, Leiardagar i praksis, og Samanheng barnehage og skule. 

 

OM LÆRARUTDANNINGSBARNEHAGANE: