Over 2000 personar har fått tilbod om studieplass i Volda

- Vi nærmar oss ein rekord, kommenterer opptaksansvarleg Ragne Ørstavik Sørheim ved Høgskulen i Volda. 2143 personar har fått tilbod om studieplass gjennom det ordinære opptaket. I tillegg har vi 300 søkjarar gjennom restetorget til no. Desse får tilbod om plass etter fortløpande handsaming.

- Vi har gått gjennom rekordstore søkjarbunkar, og sendt ut brev om tilbod til eit rekordstort tal søkjarar, fortel også Per-Johan Ramsli ved Opptakskontoret.

- No gleder vi oss i tillegg over å få svært god respons på dei fleste studietilboda som ligg ute på restetorget, seier han.

Restetorget står att
Bachelorgradsstudiet i Sosialt arbeid, barnevern og sosionom låg på restetorget for første gong i år på grunn av lave søkjartal. Høgskulen har prognoser på til saman 112 heiltidsstudentar, og gav tilbod til 108 studentar som var kvalifiserte. Av desse er det berre 71 som har takka ja til studieplassen. No er målet at fleire skal søkje gjennom restetorget.

Når det gjeld Allmennlærarutdanninga har vi sendt ut tilbod om studieplass til 60 personar. Til no har 49 av desse takka  ja.

– Håpet er også her at fleire skal takke ja, og at fleire skal søkje på restetorget.

Restetorget vart opna 21. juli – og har fortløpande opptak

IMG_8201stort_1

- Ja, det er førstemann til mølla, kommenterer Ramsli. No jobbar vi på spreng saman med Søk-korpset her ved høgskulen for å ta i mot søknadar og ulike spørsmål.

Del på: