Reiseutgifter i samband med praksis i barnehagelærarutdanninga

Eigendel
Prinsippet for dekking av reiseutgifter er at studenten skal få tilskot til meirutgifter ved reiser i praksisperiodane. Eigendel på daglege reisekostnader er kr 70,- per dag. Ved avtalt bruk av privatbil skal passasjerane betale ein halv eigendel per dag til sjåfør.

Daglege reiseutgifter i praksisperiodane
Studentane kan få dekka meirutgifter, høgare enn eigendelen, til buss, privatbil og ferje til praksisstaden. Studentane får dekka kostnader til den rimelegaste reisemåten, og dei skal nytte rabattordningar.
Når offentleg transport ikkje kan nyttast, t.d. dersom det er dårleg eller manglande buss samband, skal det gjerast avtale om løyve til å bruke eigen bil før praksisperioden tek til. Denne avtalen skal studentane lage med praksiskoordinator ved utdanninga. Ved bruk av privatbil skal studentane så langt som råd køyre samla i ein bil. Taksten for reise til og frå er kr 2.50 per km + kr 0,25 per km for kvar passasjer.

Utfylling og levering av skjema
Retningsliner for reisegodtgjersle 
Reiserekning ved bruk av offentleg transport
Reiserekning ved bruk av eigen bil

Studentane fyller ut skjema og leverer til praksiskoordinator seinast ei veke etter praksis er avslutta.