Forskingsprosjekt AHL

DigiHand

Forskingsprosjektet DigiHand er finansiert av Noregs Forskingsråds program FINNUT og er eit samarbeidsprosjekt med forskarar ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

Førsteamanuensis Wenke Mork Rogne, AHL, er prosjektleiar for DigiHand.

Førsteamanuensis Siv Måseidvåg Gamlem, AHL, er forskingsleiar for DigiHand.

Prosjektperiode: 2018 - 2020.

Language learning and its neural correlates

Prosjektansvarlege:        

Førsteamanuensis Katrin Lunde, HVO/ISL
Professor Jorunn Hetland, HVO/ISL

 

Prosjektomtale:

Prosjektet har eit todelt perspektiv. På den eine sida har det ei sterk teoretisk forankring: Vi vil, ut frå nyare hjerne- og persepsjonsforsking, identifisere faktorar og samspel av faktorar som verkar inn på prosessering av språk i menneskehjernen. På den andre sida har prosjektet ein viktig empirisk komponent: Vi vil systematisk prøve ut verknaden av desse faktorane i praktisk språklæring.
Det finst ein metode som seiest å gje svært gode resultat for læring av framandspråk: Lozanov-metoden, utvikla av den bulgarske nevrologen og psykiateren Georgi Lozanov (1926-2012). Metoden er kontroversiell. På bakgrunn av divergerande oppfatningar i kombinasjon med svært gode resultat ved nasjonale prøver i norsk som andrespråk, er det viktig å undersøkje metoden uavhengig, nøyaktig og kritisk.
Hausten 2019 gjennomførde vi den praktiske delen av ei pilotundersøkjing, der vi gjennom observasjon og testing fylgde begynnarundervisning i norsk for to grupper av innvandrarar i Oslo. Ei gruppe fekk vanleg andrespråksundervisning ved Oslo voksenopplæring Helsfyr, den andre fekk undervisning etter Lozanov-metoden ved LIN-senteret på Furuset. Våren 2020 analyserer vi det innsamla materialet og utarbeider ein forskingsrapport.
I oktober 2019 deltok vi med føredrag og undervegsrapport på eit seminar i Vänersborg, Sverige. I november s. å. arrangerte vi eit tverrvitskapleg seminar om hjernen og læring, med representantar frå ulike fagfelt: nevrobiologi, psykologi, musikkvitskap, matematikk, lingvistikk og pedagogisk praksis.
Vi planlegg ei vidareføring og utviding av prosjektet. På lengre sikt kan resultata vise seg å bli viktige, ikkje berre for andrespråksundervisning, men for språklæring – og læring – generelt, og for forsking om korleis læring går føre seg i det nevrale nettverket i hjernen.

Language learning and its neural correlates
This project has a twofold perspective. On the one hand, it has a strong theoretical basis: building on recent research into neuroscience and perception, we aim to identify factors and interactions between factors that affect the processing of language in the human brain. On the other hand, the project contains an important empirical component: we aim to test systematically the effect of those factors in practical language learning.
One method exists which has been demonstrated to achieve very good results for learning foreign languages: the Lozanov method, developed by the Bulgarian neurologist and psychiatrist Georgi Lozanov (1926-2012). The method is controversial. Considering the diverging opinions about the method, and the very good results reported in teaching Norwegian as a second language, it is vital that it be investigated independently, accurately and critically.
In the autumn of 2019, we completed the practical part of a pilot investigation, observing and testing two groups of immigrants who were first-time learners of Norwegian. One group was subject to ordinary second language instruction at Oslo voksenopplæring Helsfyr; the other group was instructed according to the Lozanov method at the LIN centre at Furuset. Empirical analysis will take place in the spring of 2020, after which a research report will be written.
In October 2019, we presented two papers and an interim report at a seminar in Vänersborg, Sweden. The following month, we arranged an interdisciplinary seminar on Teaching and the brain with participants representing different perspectives: neurobiology, psychology, the science of music, mathematics, linguistics and pedagogical practice.
We are planning a continuation and expansion of the project. In the long term, the results from the project may turn out to be important, not just for second language teaching, but for language teaching and teaching in general, and for research into how learning is realised in the neural network of the brain. 

SPEED

Hovudsaka i prosjektet er å studere innhaldet i og utbytet av spesialundervisninga. Hovudproblemstillinga er formulert slik: Kva handlar spesialundervisning om, og kva funksjon har den?

For å svare på dette forskingsproblemet har vi fleire delproblemstillingar, mellom anna:

  • Korleis er spesialundervisning forstått i praksis?
  • Kva går spesialundervisninga ut på?
  • Kva skil spesialundervisning frå ordinær opplæring?
  • Kva slag elevar får spesialundervisning, og kva elevar får ikkje?
  • Korleis er spesialundervisninga organisert?
  • Kva samband er det mellom spesialundervisning og ordinær opplæring?
  • Kva er resultatet av spesialundervisninga?

Les meir om prosjektet

HERA Travelling TexTs: 1790-1914 (EU-prosjekt)

HERA er eit felles-europeisk program for humaniora og samfunnsfagforsking (Humanities in the European Research Area), finansiert av dei deltakande landa og av EUs rammeprogram for forsking (Horisont 2020). Prosjektet ‘Travelling Texts 1790-1914: The Transnational Reception of Women’s Writing at the Fringes of Europe (Finland, the Netherlands, Norway, Slovenia, Spain)’ var eit av dei høgst rangerte i søknadsrunden, som nummer to av om lag seks hundre. Høgskulen i Volda var ein av fem partnarar i prosjektet, saman med University of St Andrews (seinare flytta til University of Glasgow), Turku University, University of Nova Gorica (SL) og Huygens ING Research Institute for History and Culture (NL). Prosjektet gjekk frå 2013-16, og er no i oppfølgingsfasen. Det er HVO sitt første EU-prosjekt.

 

Les meir om prosjektet

Meistring av førskulelærarrolla (MAFAL)

Hovudmålet med prosjektet er å auke den forskingsbaserte kunnskapsstatusen på barnehageområdet. Prosjektmedarbeidarane vil gjennomføre ei landsomfattande spørjegransking på barnehagefeltet ut frå to overordna problemstillingar:

  • Korleis forstår og meistrar førskulelærarane yrket sitt? Dette vil dels bli studert i lys av grunnutdanninga og kvalifiseringa til yrket, og del i lys av arbeidsdelinga med assistentane.
  • Kva innhald og arbeidsmåtar finn vi i barnehagen?

 

Les meir om prosjektet