Høgskulen i Volda har innført elektronisk sakshandsaming
- Det har gått fint – og vi ser at dei mest aktive brukarane allereie er godt i gong, melder Anne Helen Sundalsfoll, Turid Skaare Evensen og Hilde Skaare Fossheim ved Arkivet. I dag har Høgskulen i Volda gått over til å nytte elektronisk sakshandsamarsystem, og alle dei gule saksmappene er no lagde i skuffa for godt.
Anne Helen Sundalsfoll, Turid Skaare Evensen og Hilde Skaare Fossheim ved Arkivet har lagt dei gule saksmappene i skuffene for godt - frå i dag er alt elektronisk.
Høgskulen i Volda valde det elektroniske sakshandsamarsystem ePhorte og har frå og med i dag gått bort frå papirbunkar og saksmapper med sirleg penneføring.
- Tilsette har vorte kursa og vi er i høgt beredskap for at dette skal gå så smertefritt som mogleg, melder arkivleiar Sundalsfoll.
Gulemappene
- Vi seier til alle tilsette at dei gamle "Gulemappene" snarast mogleg skal returnerast til arkivet på vanleg måte, og at ein skal returnere alt som skal vere i gulemappene for å få desse komplette.
Tilsette finn meir informasjon på Innsida