Godt nøgd med søkartala
Ved Høgskulen i Volda var det frykta ein kraftig nedgang i talet på søkarar til lærarutdanninga som ein følgje av nye karakterkrava i matematikk og norsk. - Dei nye karakterkrava har likevel ikkje fått alvorlege følgjer for søkinga til lærarutdanninga, seier rektor Gunnar Stave.
Også søkjartala til journalistikk, sosialfag og førskulelærarutdanninga er positive i Volda.
- Spesielt gledeleg er det at søkartala til norsk, historie, musikk og kroppsøvinga har teke seg opp. Det ser ut til å vere ein trend at fleire vil studere slike fag, seier rektor Stave.