Lærarstudentane i Volda tok over ein barneskule: – Det næraste ein kjem «the real deal»
– Det er eit spennande prosjekt der vi får testa oss både på godt og vondt, på ting vi kjem til å møte på når vi sjølv skal ut i arbeid etter utdanninga. Det er knallkjekt å få dette ansvaret, og eg trur vi har godt av å teste ut kva lærarjobben har å by på, seier lærarstudent Sondre Bjørdal.