Høgskulen i Volda er sertifisert Miljøfyrtårn
Som sertifisert Miljøfyrtårn leverer HVO ein årleg rapport som dokumenterer miljøarbeid og målingar. Høgskulen ble resertifisert som Miljøfyrtårn i 2024, eit sertifikat som er gyldig i tre år.

For å verte Miljøfyrtårn, må høgskulen oppfylle ei rekkje krav til ulike administrative system og rutinar som til dømes HMS, arbeidsmiljø, innkjøp, energi med blant anna vekt på energieffektivisering, transport og reduksjon av miljøgassar, avfall med kjeldesortering og estetikk.
HVO publiserer ein årleg rapport som dokumenterer miljøarbeid og målingar. Kvart tredje år må bedrifter som er Miljøfyrtårn resertifiserast.
Les meir om det å være eit Miljøfyrtårn.
Ulike klimatiltak
- Høgskulen i Volda har 570 solceller montert på taket av Berte Kanutte-huset, og produserer eigen straum. Anlegget kan produsere omlag 100 000 kWh straum i året, og straumproduksjonen vert nytta i bygget. Her kan du følgje produksjonen direkte.
- Det er etablert sorteringsstasjonar i alle bygga som Høgskulen disponerer.
- Kantina er drifta av Studentsamskipnaden, og vart sertifisert som Miljøfyrtårn i 2025, samarbeid om sortering er etablert.
- Det er lagt til rette for videokonferansar i fleire av møteroma, eit tiltak som kan bidra til redusert reiseverksemd.
- Reisepolicy er utarbeida, sjekkliste kan hjelpe til å vurdere om reisa er nødvendig.
- To sykkelhotell med stasjonar for lading er etablert, eit tiltak for å legge til rette for sykling .
- Naturmangfald: Deler av uteområdet får vekse til høgt gras og blir slått ein til to gongar per sesong, og det er etablert biehotell, Sandvolleyballbane er eit tiltak for eit meir miljøvennleg uteområde
- Ved større innkjøp er miljø eit av kriteria som blir vektlagt.
Årlege rapportar