Lunsjseminar for rådgjevarar, avdelingsleiarar og lærarar
Avdeling for samfunnsfag (ASH) inviterer rådgjevarar, avdelingsleiarar og lærarar ved vidaregåande skular og folkehøgskular til lunsjseminar under Utdanningsdagen 2025.

På lunsjseminaret vil førsteamanuensis Erlend Walseth halde eit innlegg om temaet: "Profesjonsutøvarar i krysspress – spenning, dilemma og moralsk stress".
Erlend Walseth har nyleg teke ph.d.-graden ved Høgskulen i Volda med avhandlinga «Rett person til rett tid? Ein studie av spenningar og dilemma i aktiverande samtalar i NAV»
Walseth er frå Sæbø og har ein mastergrad i sosiologi frå Universitetet i Bergen (UiB) og har arbeidd blant anna som barnehageassistent, som lærar og som undervisingsassistent ved UiB. Walseth har i tillegg også jobba i ulike roller i det sosialfaglege praksisfeltet, som til dømes i det kommunale introduksjonsprogrammet for flyktningar. Sidan 2015 har han arbeidd ved Høgskulen i Volda, der han blant anna underviser i etikk.
Vi spanderer ein lunsjrett, mineralvatn, kaffi og kake.
Når: 11.30 - 12.30