ULEENG3A Engelsk ordkunnskap og ordlæring

Emnekode: 
ULEENG3A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, heiltid
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Engelsk ordkunnskap og ordlæring gjev studenten avansert kunnskap i engelsk leksikologi og morfologi: kva ord er, kvar dei kjem frå, og korleis ord er strukturerte. Emnet gir også inngåande kunnskap om engelsklæring og engelskdidaktikk knytt til ordlæring, med vekt på korleis ein kan leggje til rette for og stimulere elevane si utvikling av ordtilfang. Praksisperspektivet er gjennomgåande i emnet. I tillegg bur emnet studenten på sjølvstendig vitskapleg arbeid, både innanfor dette feltet og generelt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • Har avansert kunnskap om engelsk leksikologi: ordopphav, -struktur, -tyding og relasjonar mellom ord
  • Har inngåande kunnskap om historia til ordtilfanget i engelsk, og korleis dette speglar engelsk språk sitt historiske opphav og multikulturelle posisjon
  • Har inngåande kunnskap om morfologisk struktur og mønster i engelske ord
  • Har inngåande kunnskap om korleis morfologisk struktur speglar semantisk innhald og kan nyttast til å tolke ukjende ord
  • Har avansert kunnskap om tileigning og læring av ordtilfang, med vekt på likskap og skilnad mellom eit første- og andrespråksperspektiv
  • Har kunnskap om korleis ord og infomasjom om ord er strukturert og organisert i minnet
  • Har inngåande kunnskap om undervisning som legg til rette for tileigning og læring av ordtilfang i eit andrespråksperspektiv, tilpassa ulike elevar sine føresetnadar og behov
  • Har kunnskap om profesjonsretta forsking, vitskapsteori, forskingsetikk og forskingsmetodar
Ferdigheiter

Studenten

  • Kan reflektere over korleis ein kan bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjent ordtilfang
  • Kan systematisk øve opp evna hjå andre til å bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjent ordtilfang
  • Kan planlegge og gjennomføre varierte og forskingsbaserte undervisningsopplegg som legg til rette for elevane si tileigning av ordtilfang
  • Kan systematisk og medvite integrere tileigning av ordtilfang i ulike læringsprosessar
  • Kan nytte ordtilfanget i engelsk til å synleggjere dei multikulturelle røtene til engelsk språk, og engelsk si rolle som eit verdsomfattande lingua franca
Generell kompetanse

Studenten

  • Kan reflektere på eit avansert nivå over eigen praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for på eit teoretisk og erfaringsbasert grunnlag løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • Kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle, didaktiske, og forskingsretta kompetanse
  • Kan forstå og halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
  • Kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte med evne til refleksjon og kritisk tenking
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Halde eit seminarinnlegg over avtalt tema innan leksikologi
  2. Eit førsteutkast (minimum 2000 ord) til eit individuelt essay. Tema for dette essayet må vere drøfta med og godkjent av emneansvarleg. 

Kvar student har rett til eitt rettleiingsmøte med forelesar/rettleiar, i tillegg til tilbakemelding på førsteutkastet. 

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Maksimumstal: 
10
Emneansvarleg: 
Vibeke Jensen
Emnet inngår i følgande studieprogram
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, deltid
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, heiltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuellSemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterEi skriftleg oppgåve på 3000-4000 ord (basert på innlevert førsteutkast)
Munnleg justerande eksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakterEin munnleg eksamen som går på oppgåva og pensumDen innleverte oppgåva
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Ei skriftleg oppgåve på 3000-4000 ord (basert på innlevert førsteutkast)
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Ein munnleg eksamen som går på oppgåva og pensum
Hjelpemidler:Den innleverte oppgåva
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust