ULESA3A Stad, identitet og fellesskap

Emnekode: 
ULESA3A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, heiltid
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Eleven sitt liv er forankra i det lokale og nære. I dette emnet utforskar vi tilknytinga mellom menneske og stad, og forholdet mellom stad, historie og identitet gjennom å ta for oss ulike teoretiske og analytiske perspektiv knytt til stad og lokalsamfunn.    

Stad og lokalsamfunn er omgrep som opnar for utforsking, samanlikning og kritisk tenking i møte med allmenne samfunns- og naturprosessar, og kan tydeleggjere samanhengar, endring og kontinuitet i desse prosessane. Gjennom teoretiske perspektiv på stad, lokalsamfunn, lokal- og mikrohistorie skal studenten utvikle innsikt i heimstad og lokalsamfunn som sentral læringsarena i samfunnsfaget.  

I emnet skal bruk av kjelder og metodar for mikrohistorie og stadssanalysar bidra til å gi studentane didaktiske verktøy til å legge til rette for utvikling av historiemedvit og geografisk danning hos elevane.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • utvikle djupnekunnskap om lokalhistorie og mikrohistorie som teoretisk og metodisk grunnlag for samfunnsfagundervisning    

  •  tileigne seg spesialisert kunnskap om didaktisk arbeid med lokalsamfunnet som ramme for utvikling av historiemedvit, identitet og fellesskap  

  • utvikle inngåande teoretisk kunnskap om stad og geografisk danning    

  • utvikle inngåande kunnskap om didaktisk bruk av geografisk informasjon og historefaglege kjelder 

Ferdigheiter

Studenten skal

  • utvikle ferdigheiter i å analysere lokalsamfunn og mikrohistoriske problemstillingar som grunnlag for eiga undervisning og som ekskursjonsmål     

  • utvikle ferdigheiter i å planlegge og gjennomføre undervisning som fremmar elevens refleksjon over romlege samanhengar og bruk av historie i lokalsamfunnet     

  • utvikle ferdigheiter i å bruke og vurdere geografisk informasjon og kjelder om lokalsamfunnet i arbeid med å utvikle nye problemstillingar og perspektiv som kan stimulere elevar til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke teoretisk og didaktisk kunnskap om stad og lokalsamfunn til å fremme eleven si utforsking og forståing av samspelet mellom natur og samfunn, mellom det lokale og det globale, og mellom fortid, notid og framtid  

  • kan stimulere til kritisk tenking og kreativitet med lokalsamfunnet som ramme  

  • kan kritisk vurdere elevars læringsutbytte gjennom ekskursjonsbasert undervisning 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom varierte undervisnings- og arbeidsformer med seminar, ekskursjonar, arbeid i gruppe og prosessorientert skriving og utviklingsarbeid. I undervisninga legg vi stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Utarbeide og presentere ei planskisse for ei semesteroppgåve på  3000- 4000 ord  der oppgåva skal inkludere ei analyse av lokalsamfunn/ mikrohistorie med innsamling av empiri som grunnlag for eit undervisningsopplegg/ekskursjon.  

  1. Basert på planskissa utarbeide ei analyse av lokalsamfunn/ mikrohistorie med innsamling av empiri som grunnlag for undervisningsopplegg/ekskursjon. Funn frå arbeidet skal leggast fram i eit seminar. 

  1. Gruppebasert arbeidskrav: planlegge, gjennomføre og evaluere ein ekskursjon/eit undervisningsopplegg for elevar i grunnskulen. 

  1. Individuell rapport på om lag 1000 ord frå det gruppebaserte arbeidskravet (c) der undervisingsopplegg, gjennomføring og evaluering i det gruppebaserte arbeidskravet skal skildrast  

Nærare instruks for arbeidskrava blir presenterte ved semesterstart. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent.

Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Kjersti Straume
Emnet inngår i følgande studieprogram
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, deltid
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, heiltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterSemesteroppgåva med omfang på 3000 - 4000 ord skal utarbeidast og leverast i eksamensmappa saman med arbeidskrav d og ein presentasjonstekst på 800-1000 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Semesteroppgåva med omfang på 3000 - 4000 ord skal utarbeidast og leverast i eksamensmappa saman med arbeidskrav d og ein presentasjonstekst på 800-1000 ord
Godkjent av: 
Randi Bergem 22.02.2021