Semestre
SP2-110KFK Språk-, matematikk- og leseutvikling
Studiet vil ha eit kontekstuelt og interaktivt perspektiv på temaet som understrekar utfordringa skulen har for å gi inkluderande og tilpassa opplæring til alle barn/elevar. Tema som språkleg utvikling, kognisjon/metakognisjon, forståingsstrategiar/ferdigheiter og sosiale og kulturelle tilhøve vil bli presenterte gjennom førelesingar og pensum. Studiet vil gi kunnskap om korleis skulen kan vere med på å byggje opp den språklege plattforma hos elevane, og slik gi godt grunnlag for lese- og skriveutvikling. Tilhøvet mellom språk og lesing vil stå i sentrum. I tillegg vil matematikkvanskar ha ein viktig plass i studiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha inngåande kunnskap om
- ulike teoretiske perspektiv på språk- og kommunikasjon 
- språkleg utvikling og betydninga av språkleg kompetanse 
- elevar si utvikling i matematikkfaget og betydning av matematisk kompetanse 
- samanhengen mellom språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar 
- andrespråksperspektiv på lesing og skriving 
Studenten skal
- kunne forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og skriving og matematikk 
- legge til rette og vurdere opplegg med tanke på førebygging av skriftspråklege vanskar 
- legge til rette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar 
Studenten skal
- ha kunnskap om språkleg utvikling, språkvanskar og betydninga av språkleg kompetanse 
- ha kunnskap om elevar si utvikling i matematikkfaget og betydning av matematisk kompetanse 
- ha kunnskap om lese- og skrivevanskar 
- ha kunnskap om andrespråk perspektiv på lesing og skriving 
- kunne forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og matematikk 
- kunne legge til rette for og vurdere opplegg med tanke på førebygging av skriftspråklege vanskar 
- kunne legge til rette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar 
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, arbeid i mindre grupper og individuelt arbeid.
Arbeidskrav:
Studentane skal ha godkjent oppmøte og ha gjennomført og fått godkjent arbeidskrava på emnet.
Arbeidskrav 1:
Deltaking på seminar der studentane munnleg skal presentere og drøfte sjølvvald problemstilling til teoretisk refleksjonstekst for medstudentar.
Teoretisk refleksjonstekst på 2 000 ord (+/- 10 %) med sjølvvald problemstilling.
Arbeidskrav 2:
Digital forteljing knytt til sentrale tema frå emnet.
- Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang | 
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 4000 ord +/- 10% |