HI204 Lokal- og regionalhistorie

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
HI204
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i historie
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Minimum 30 stp. i historie grunnemne: Anten HI101/111/111N/111N-AVG og/eller HI102/112/112N/112N-AVG og/eller HI103/113/113N/113N-AVG. Andre relevante fag og erfaring kan vurderast etter søknad.

Om emnet

Lokalhistorie er både eit lokalt, regionalt og eit globalt forskingsområde. Alle menneske har hatt eller har tilknyting til ein familie og eit eller fleire lokalsamfunn, og vi finn lokalhistorisk interesserte menneske over heile verda. Lokalhistoria i Noreg er òg ei stor folkerørsle; det er historie-/ sogelag (tilsv.) over heile landet. I tillegg er lokalhistorie i praksis forskingsfelt ved alle høgskular og universitet; det store fleirtalet av historikarar i Noreg har erfaring frå forsking som kan kallast lokalhistorisk – også fordi feltet kan definerast vidt; eit lokalsamfunn kan vere alt frå éin gard, ei bustadblokk o.l. til ein region. Det kan òg vere ein by eller bydel, eller ein person, ein organisasjon, ei bedrift o.a.. Det er òg mange studietilbod som kan reknast inn under ein lokalhistorisk paraply, sjølv namna kanskje ikkje syner det.

Emnet gir studentane ei innføring i dette lokal- og regionalhistoriske forskings- og arbeidsfeltet i Noreg. Emnet er todelt, der ein pensumdel gjev innføring i metodar og teoriar og ein oppgåvedel gjev høve til å prøve desse i praksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • gode kunnskapar om lokal-, regionalhistorie som rørsle og forskingsfelt
  • gode kunnskapar om generell metode innan desse fagfelta
  • grunnleggjande kunnskapar om kjeldegrunnlaget for desse fagfelta
  • grunnleggjande kunnskapar om kjelde- og arkivarbeid.
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei lokal- og / eller regionalhistorisk problemstilling
  • sette seg inn i og granske lokal- og regionalhistoriske data, primærkjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • skrive ei lokal- eller regionalhistorisk fagtekst av eit omfang på 8–15 sider på eiga hand og innafor instruks gjeve av instituttet
  • drøfte lokal- og regionalhistoriske problemstillingar og kritisk vurdere andre slike framstillingar
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • formidle kunnskap om faget og emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, f. eks. gjennom digitale medium slik som blogg.
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er eit nettstudium. Det blir gitt førelesingar i opptak, og tilbod om samlingar i Volda om det melder seg nok studentar.

Alle studentar som tek emnet, kan bli fordelte i basisgrupper á 3-4 for gjennomføring av mappeevalueringa (sjå nedafor). Kvar student får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gjev fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast og kommentarar til medstudentar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Studenten skal ta kontakt med fagansvarleg med tankar om tema for den sjølvvalde oppgåva.
  • Førebels problemstilling, disposisjon og oversikt over kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på.
  • Utkast til sjølvstendig oppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Utkastet skal ha eit omfang av minst 3000 ord, men ikkje over 5500 ord med lineavstand 1,5 og 12 pkt skrift.
  • Skriftlege kommentarar (responsar) til utkast til sjølvstendig oppgåve frå 2 medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 350-500 ord med lineavstand 1,5 og ei 12 pkt skrift.
  • Dokumentere lokal- og regionalhistorisk kunnskapstileigning i digitale medium etter nærare instruks frå instituttet
Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Arnfinn Kjelland
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i historie
Historie 4x15 stp nettstudium
Historie fordjupningsstudium
Historie årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter60Eksamensoppgåva er endeleg versjon av den sjølvvalde oppgåva, sjå under Arbeidskrav. Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.Minst 3000 ord, men ikkje over 5500 ord.
HeimeeksamenIndividuell9DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter40
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:60
Kommentar:Eksamensoppgåva er endeleg versjon av den sjølvvalde oppgåva, sjå under Arbeidskrav. Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Hjelpemidler:
Omfang:Minst 3000 ord, men ikkje over 5500 ord.
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:9
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:40
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 25.02.19