BLUPRA4-D Praksis 4. årssteg, 5 dagar

Emnekode: 
BLUPRA4-D
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning deltid
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUPRA3-D Praksis 3. årssteg, 40 dagar
BLUPRA2-D Praksis 2. årssteg, 30 dagar.
BLUPRA1-D Praksis 1. årssteg, 25 dagar
Om emnet

Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 4. studieår er samordna med emneplanane for dei valfrie fordjupingane.

Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.

Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa,  saman med fordjupingane i 4. årssteg eller internasjonalt emne, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Studenten skal utvikle seg frå å være student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse.

Å bli barnehagelærar er ein prosess som krev både fagleg kunnskap, analytisk refleksjon og praktisk erfaring. Studenten skal øve i å reflektere over både korleis teori og praksis spelar saman og kva etiske utfordringar barnehagekvardagen kan by på. Studenten skal oppmuntrast til å sjølv være pådrivar for utvikling av eigen profesjonskompetanse.

I  praksis 4. studieår skal ein ha fokus på arbeidskrav knytt til studenten si fordjuping eller tilpassa arbeidskrav dersom studenten har valt internasjonalt semester. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Studenten har fagkunnskap knytt til fordjupingsemne eller fagkunnskap knytt til tilpassa arbeidskrav dersom studenten har valt internasjonalt semester
Ferdigheiter
  • Studenten kan planlegge, leie, gjennomføre og vurdere pedagogiske aktivitetar knytt til tema i fordjuping eller planlegge, leie, gjennomføre og vurdere leiardagar dersom studenten har tilpassa praksis knytt til internasjonalt semester
Generell kompetanse
  • Studenten meistrar å knytte teori til praksis, og praksis til teori
  • Deltek i faglege diskusjonar innanfor tema for fordjupinga eller knytt til tilpassa arbeidskrav dersom studenten har valt internasjonalt semester
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksisopplæringa 4. studieår deltid omfattar 5 dagar. 

I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator ved høgskulen får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile fjerde studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student tilbakemeldingar og munnlege undervegsvurderingar og skriftleg sluttvurdering med framovermelding til slutt i praksis.

Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. I praksis skal studenten gjennomføre arbeidskrav knytt til den valgte fordjupinga eller internasjonalt semester.

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i rettleiingstimane. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe.

Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 5 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

  • Studenten skal planlegge, gjennomføre og evaluere arbeidskrav knytt til valgt fordjuping eller ved tilrettelagt praksis knytt til internasjonalt semester.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Til slutt i praksis skal student motta ei skriftleg sluttvurdering, med karakteren ståt/ikkje stått. Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderinga skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Styrar skal trekkast inn i vurderinga. 

Praksislærar skal gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom  studenten viser manglar. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.

Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Hanne Elin Harnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
PraksisIndividuell5DagarStått eller ikkje stått Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Vurderinger:
Vurderingsform:Praksis
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar: Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust