BLUPRA2-D Praksis 2. årssteg, 30 dagar.

Emnekode: 
BLUPRA2-D
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning deltid
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUPRA1-D Praksis 1. årssteg, 25 dagar
Om emnet

Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår deltid er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 2. studieår deltid. Desse er: Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK-D) og Natur, helse og rørsle (BLUNHR-D).

Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.

Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Studenten skal  vise utvikling frå 1. studieår frå å være student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse.

I det andre studieåret er det viktig at studenten viser utvikling og progresjon. Studenten skal øve seg på å ha oversikt over både barnegruppe og personalgruppe. Studenten vil kjenne igjen strukturar frå den første praksisbarnehagen, men skal også sjå at det er forskjellar på struktur og organisering i dei ulike barnehagane. Studenten skal særleg utvikle seg som personalleiar i andre studieår, og skal kunne leie personalet. 

Den didaktiske tenkinga er meir avansert og studenten skal trenge mindre støtte i arbeidet med planlegging av pedagogiske aktivitetar og leiardagar. Ein viktig del av yrket som barnehagelærar er foreldresamarbeid, og i andre studieår skal studenten vise progresjon frå året før i arbeidet med å skape gode relasjonar til dei føresette.

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, og studentane skal ta omsyn til det barnegruppa har arbeidd med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar.

I praksis 2. studieår skal ein ha fokus på barn og estetiske opplevingar, leiing av barne- og personalgrupper og mat og helse i barnehagen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • foreldresamarbeid
  • leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid i barnegruppa 
  • kreative prosessar og tilrettelegging av estetiske opplevingar for alle barn
  • mat og helse i barnehagen
Ferdigheiter

Studenten kan: 

  • utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn
  • vise at han har oversikt over over barnegruppa
  • vise at han har oversikt over barnehagen sin struktur
  • leie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagiske aktivitetar og leiardagar
  • ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader
  • legge til rette for godt kosthald i barnehagen og ta utgangspunkt i måltidets pedagogiske funksjon
  • bruke IKT som pedagogisk verktøy i dokumentasjonsarbeidet
Generell kompetanse

Studenten: 

  • knyt teori til erfaringar frå praksis i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar
  • skaper gode relasjonar til dei føresette
  • har god innsikt i kva det vil seie å utvikle ein profesjonell identitet og gode profesjonsetiske haldningar, og vurdere kritisk eigen pedagogisk leiing og praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksisopplæringa 2. studieår-deltid omfattar 30 dagar. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten skal delta på generell praksisførebuing og praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator ved høgskulen får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile andre studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at praksislærar har rettleiande samtalar med studenten i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.

Praksis i 2. studiår skal ha vekt på korleis tilrettelegging av estetiske opplevingar og arbeid med mat og helse kan vere ein ressurs i pedagogisk arbeid i barnehagen.. I den didaktiske planlegginga skal studenten særleg fokusere på dei didaktiske kategoriane overordna mål, mål, rammefaktorar, innhald og arbeidsmåte. Men, studenten skal også ta omsyn til dei andre didaktiske kategoriane. Studenten skal arbeide for å skaffe seg god oversikt over barnehagen si organisering og struktur.  

Studenten skal planlegge, gjennomføre og vurdere leiardagar i begge praksisbolkane. I arbeidet skal studenten vise utvikling i foreldresamarbeidet, ved å bygge relasjonar.

Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over barnehagelæraryrket og profesjonell identiet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort. Studenten skal gjere oppsummering/konklusjon med framovermelding frå praksis året før kjent for praksislærar i forventingssamtalen.

Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 30 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUKKK-D
  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUNHR-D
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Til slutt i praksis skal studenten motta ei skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Praksislærar skal gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom  studenten viser manglar. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Studenten skal som hovudregel motta skjema 1, varsel om fare for ikkje stått i praksis, før karakteren kan setjast til ikkje stått. Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.

 

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Hanne Elin Harnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
PraksisIndividuell-Stått eller ikkje stått Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Vurderinger:
Vurderingsform:Praksis
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar: Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust