BLUBULL-D Barns utvikling, leik og læring (Deltid)

Emnekode: 
BLUBULL-D
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
20
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet tek utgangspunkt i faga norsk og pedagogikk, og omfattar barns utvikling, leik og læring i eit samfunn prega av mangfald. Målet med emnet er å utvikle forståing for og innsikt i å leggje til rette for, planleggje og leie barns leike-, lærings- og danningsprosessar. Ei slik kompetanse er viktig for å fremje barns heilskaplege utvikling i eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, medverknad, samarbeid og dialog. Leiken er ei grunnleggjande livs- og læringsform som både har ein eigenverdi og som skal danne grunnlaget for ei allsidig utvikling. Emnet omhandlar tema som leiing av barnegrupper, foreldresamarbeid, didaktikk, språkutvikling, barn med behov for ekstra støtte, inkludering og kulturelt mangfald.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • grunnleggjande teoriar og forsking om barns utvikling, leik, læring og danning
  • leiken sin eigenverdi og leiken som arena for læring og for å utvikle relasjonar og vennskap 
  • barns veremåtar, omsorgsbehov og leike- og læringslyst
  • barns språkutvikling og språket som struktur
  • samanhengen mellom språk og leik, og korleis barnehagelæraren kan arbeide med språkstimulering
  • den fleirkulturelle barnehagen med eit ressursperspektiv på mangfald
  • samisk språk 
  • inkludering og barn med behov for ekstra støtte
  • foreldresamarbeidet si tyding for barns utvikling og læring
  • observasjon og pedagogisk dokumentasjon
  • didaktikk
  • leiing og rettleiing i barnehagen
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • planlegge, grunngje og reflektere over pedagogiske prosessar i barnehagen, og inkludere barna sine erfaringar, interesser og rett til medverknad i dette arbeidet
  • leie pedagogiske prosessar og legge til rette for barns læring gjennom leik ved å delta i leik saman med barn, støtte barns nysgjerrigheit og skapande uttrykk, og bidra til trivsel og glede 
  • leie ei barnegruppe og utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskild barn
  • framstå som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette
  • med utgangspunkt i observasjon og refleksjon, skape eit inkluderande miljø for alle barn uavhengig av erfaringar, interesser og føresetnader
Generell kompetanse

Studenten:

  • har kompetanse i å planlegge varierte pedagogiske aktivtetar for barn, der ein tek omsyn til alder, føresetnadar og sosial, språkleg og kulturell bakgrunn
  • har kompetanse i å utøve gryande profesjonelt skjønn, vidareutvikle sin pedagogiske kunnskap og vise evne til å formulere og formidle denne munnleg og skriftleg
  • har kompetanse i å reflektere kritisk over etiske utfordringar og eiga profejsonsutøving i samspel med barn, personale og føresette
  • har kompetanse i å vise grunnleggjande toleranse, interesse og respekt i møte med eit mangfald av barn og familiar

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet er forelesingar, arbeid individuelt og i gruppe, og gjennomføring av studentpresentasjonar i gruppe. Studentane får undervisning på Campus i Volda og via konferansesystemet Adobe Connect. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav. Undervisninga vert knytt opp til desse overordna emna:

  • Leik, læring og utvikling

  • Didaktikk, observasjon og pedagogisk dokumentasjon

  • Leiing og rettleiing

  • Dei yngste barna i barnehagen

  • Barn med behov for ekstra støtte

  • Språkutvikling og språkstimulering

  • Den fleirkulturelle barnehagen

  • Samisk språk

  • Foreldresamarbeid

Praksis

Praksis første studieår er ein rettleidd og vurdert praksis på 25 dagar.  Sjå Emneplan praksis og Praksishefte del II for meir informasjon

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar

Arbeidskrav:

  • Eg som leiar: Individuell skriftleg oppgåve basert på erfaringar frå praksis. Oppgåva skal vere på 1500 ord (+/- 10 %). Dette er det første av tre arbeidskrav i utdanninga som omhandlar studenten si utvikling som leiar (sjå også emneplan for BLUKKK D og  BLULSU D).
  • Dei yngste barna i barnehagen: Presentasjon i gruppe, logg for arbeidet og eit samandrag på om lag 400 ord.
  • Barns språkutvikling. Individuell skriftleg oppgåve som førebuing til  observasjonar i praksis. Oppgåva skal vere på 1800  ord (+/- 10 %)
Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Kristin Rostad Gangstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Digital eksamen med eigen bærbar datamaskin.stavekontroll
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Digital eksamen med eigen bærbar datamaskin.
Hjelpemidler:stavekontroll
Omfang:
Godkjent av: 
Anne Øie