BLULSU-D Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
BLULSU-D
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning deltid
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUBULL-D Barns utvikling, leik og læring (Deltid)
BLUSRLE-D Samfunn, religion, livssyn og etikk
Om emnet

Det overordna målet for kunnskapsområdet er å styrke kvaliteten i barnehagen ved studentane sin kompetanse i leiing, organisasjonskunnskap og samarbeid. Innhaldet i kunnskapsområdet er strukturert etter tre hovudtema der leiing i barnehagen utgjer omlag halvparten. 

Barnehagen som organisasjon utgjer ei viktig ramme for å forstå og utøve leiing og endringsarbeid. Leiing og samarbeid er relatert til eit barnehagemiljø prega av mangfald der behovet for samarbeid er stort. Det vert lagt vekt på korleis organisering, leiarhandlingar og samarbeid kan styrke barnehagen som lærings- og utviklingsarena for yngre og eldre barn. 

Praksis er ein integrert del av kunnskapsområdet. Erfaringane frå praksis skal danne grunnlag for refleksjon knytt til omgrepa leiing, endring og utvikling.

Innhaldet bygger på den kompetansen som studenten har opparbeidd tidlegare i studiet

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Studenten har kunnskap om organisasjonsteori og barnehagen som organisasjon.
  • Studenten har kunnskap om leiing og rettleiing av menneske med ulik bakgrunn og ulike føresetnader.
  • Studenten har kunnskap om relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid.
  • Studenten har kunnskap om samarbeidsprosessar mellom barn, føresette og personale.
Ferdigheiter
  • Studenten kan identifisere og reflektere over korleis strukturelle og kulturelle forhold legg rammer for leiing og utviklingsarbeid i barnehagen.
  • Studenten kan ta i bruk og vurdere eigna metodar og verkty i arbeid med utviklings- og læringsprosessar.
  • Studenten kan reflektere kritisk over eigen praksis som leiar og barnehagen sin praksis i arbeid med utvikling av barnehagelærarrolla og profesjonsetikk.
  • Studenten kan leie pedagogisk arbeid og ta avgjerder som fører til utvikling av barnehagen.
  • Studenten kan vise sjølvstende i å leie rettleiings- og samarbeidsprosessar i utviklingsarbeid.
  • Studenten kan vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse og i samarbeid med barn, føresette og personale.
Generell kompetanse
  • Studenten har kunnskap om korleis strukturelle og kulturelle forhold legg rammer for leiing og utviklingsarbeid.
  • Studenten har medvit om eiga rolle som leiar og profesjonell yrkesutøvar og har kompetanse til å ta ansvar for eiga profesjonsutvikling, samt vilje til å støtte fram utviklinga av medarbeidarane sin profesjon.
  • Studenten kan gjere profesjonsetiske vurderingar knytt til ansvar, makt, respekt og toleranse.
  • Studenten kan identifisere område som krev utviklingsarbeid og vurdere kva leiingshandlingar som er naudsynte for å skape ei ønska utvikling.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane er førelesingar, arbeid både individuelt og i gruppe samt planlegging, gjennomføring og vurdering av eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid i praksisbarnehagen.

det vert gitt undervisning på delar av seks vekesamlingar på Campus i Volda samt ein dag undervisning på konferansesystemet Adobe Connect.

Det er 17 dagar rettleidd praksis. Tema for praksis er å planlegge, gjennomføre og vurdere eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid. Studentar som har same praksislærar, samarbeider om utviklingsarbeidet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte til undervisinga etter gjeldande reglar.                                      

Godkjent arbeidskrav 1:  Rettleiing på utkast til plan for utviklingsarbeidet – individuelt / gruppe. 

Godkjent arbeidskrav 2:  Digital forteljing som etterarbeid av praksisperioden - individuelt.

For meir informasjon om arbeidskrav, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-7.

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Hilde Muren
Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakterDel 1: Presenter eit innlegg som handlar om utvikling av din leiaridentitet: "Eg som endringsleiar"

Del 2: Presentasjon og refleksjon over eit fagleg tema som blir trekt av kandidaten. Aktuelle tema blir gjort kjent for studentane før eksamen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Del 1: Presenter eit innlegg som handlar om utvikling av din leiaridentitet: "Eg som endringsleiar"

Del 2: Presentasjon og refleksjon over eit fagleg tema som blir trekt av kandidaten. Aktuelle tema blir gjort kjent for studentane før eksamen.