MGL5-10SA1A Samfunnsfag 1A: Samfunnsfag som skule- og vitskapsfag

Emnekode: 
MGL5-10SA1A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Føremålet med emnet er å gi ei innføring i samfunnsfag som skule- og vitskapsfag. Samfunnsfaget i skulen skal bidra til å bygge eit demokratisk samfunn gjennom å skape samfunnsengasjerte og deltakande borgarar. Samfunnskritisk tenking og tverrfagleg utforsking av tema som demokrati og medborgarskap, berekraft og utvikling, identitetsutvikling og fellesskap er kjerneelement i faget.

Innføring i samfunnsfag som skulefag inneber å få oversikt over utviklinga av føremålet i faget. Mandat og faginnhald, didaktiske problemstillingar og refleksjonar er sentralt i emnet. Innføring i samfunnsfag som vitskap inneber å få oversikt over problemstillingar og vitskaplege metodar i fagområda. I emnet vert det gitt ei oversikt over grunleggande problemstillingar og metodar i dei to faga geografi og historie, og fagområdet samfunnskunnskap.

I geografi handlar innføringa om oversikt over grunnleggande problemstillingar i geografifaget knytt til naturgitt og menneskeskapt rom. Tema som får særlig fokus er kartlære og GIS, relasjonen menneske og stad, og geologi og landskap.

Historiedelen av emnet handlar om å gi studenten ei oversikt over eigenarten til historiefaget. Sentrale tema er historiemedvit, kjeldekunnskap, historiske årsaksforhold, kritisk tenking, og forståing av korleis historikaren arbeider med ulike samfunnsfaglege problemstillingar i fortid, notid og framtid.

I samfunnskunnskap er det sentralt å gi studenten oversikt over samfunnsvitskaplige metodar og grunnlagsproblem. Viktige tema er aktør og samfunn, identitetsutvikling og fellesskap, og kultur og meining.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i møte med samfunnsfag som skulefag 
  • kunnskap om kartlære og GIS, relasjonen menneske og stad, og geologi og landskap
  • kunnskap om historiske grunnlagsproblem som historiemedvit, kjeldekunnskap, årsaksforhold og tid-rom-dimensjonen i faget
  • kunnskap om aktør og samfunn, identitetsutvikling og fellesskap, og kultur og meining
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • gjere greie for grunnlagsproblemstillingar i faget
  • bruke enkle samfunnsvitskaplege metodar for å svare på faglege spørsmål
  • finne, vurdere og bruke ulike typar samfunnsfaglege kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
  • skrive fagtekstar etter vitskaplege kriterium om ulike samfunnsfaglege tema

 

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • oppdatere seg fagleg
  • reflektere over eigen praksis med utgangspunkt i samfunnsfaget
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og korte ekskursjonar. Denne variasjonen er viktig for å nå læringsutbytta i emnet. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og digitalt tilgjengelege ressurssider for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. Læreplan- og lærebokanalyse, undervisningsplanlegging og lærarrolla i faget er i fokus dei første praksisperiodane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3.

Arbeidskrav:

Skrive tre oppgåver, kvar på 1 500 - 1 800 ord.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Kari Aslaug Hasle
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterVed sluttvurderinga vert ei av innleveringsoppgåvene trekt ut og vurdert. Det arbeidet som vert uttrekt, utgjer eksamen.
Skriftleg oppgåve. Om lag 1 500 - 1 800 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Ved sluttvurderinga vert ei av innleveringsoppgåvene trekt ut og vurdert. Det arbeidet som vert uttrekt, utgjer eksamen.
Hjelpemidler:
Omfang: Skriftleg oppgåve. Om lag 1 500 - 1 800 ord
Godkjent av: 
Randi Bergem 27.02.2020