MGL5-10PR2 Praksis 2, 25 dagar

Emnekode: 
MGL5-10PR2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10PR1 Praksis 1, 30 dagar
Om emnet

Hovudtema for dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon  og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 5. til 10. trinn. Praksis i haustsemesteret har hovudfokus på elevrolla, elevmangfaldet  og eleven sitt møte med skule og fag i 5. til 10. årssteg. Praksis i  vårsemesteret  har hovudfokus på læraren si tilrettelegging for læring av fag.

I andre studieår har studentane eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning. Studentane skal observere elevar sine føresetnader og utvikling, og observere gruppeprosessar og relasjonar mellom elevane. Dei skal også observere og rettleie medstudentar som underviser.

Praksistudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og føreset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Praksis skal vere tilpassa studentane sine fagval. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis.

 

Læringsutbytte

I tillegg til læringsutbytte i praksis frå tidligare år, og i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om gjeldande lov- og planverk i skulen
  • har kunnskap om elevane sine føresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring
  • har kunnskap om klasseleiing, kommunikasjon, samhandling og relasjonsarbeid
  • har kunnskap om læreprosessar, tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremjar gode inkluderande klasse- og læringsmiljø
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale planar
  • kan reflektere over og vurdere, velje og bruke ulike kartleggingsverktøy i faga
  • kan bruke relevante digitale ressursar
  • kan leie gode læringsprosessar med utgangspunkt i ulike arbeidsmåtar og mål for undervisninga
Generell kompetanse

Studenten  

  • har innsikt i elevane si læring av grunnleggande ferdigheter og kompetansar
  • kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine til å gjennomføre lærarfaglege oppgåver
  • kan gjere seg nytte av ulike typar tilbakemeldingar frå praksislærar, medstudentar og faglærarar til eiga læring og utvikling
  • kan kommunisere munnleg og skriftleg, og kan nytte språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på ein praksisskule gjennom heile praksisperioden.

Før og etter praksisperioden er det obligatorisk praksismøte mellom studentar, praksislærarar og faglærar.

Studentane nyttar digitale rettleiingsverktøy i praksis.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande frammøte til førebuing og etterarbeid  til praksis vil kunne føre til krav om eit individuelt kompensatorisk arbeid for å få godkjent praksis. Sjå praksisheftet for retningsliner.

Arbeidskrav:
Haust: Deltaking på seminar med gruppevis drøfting av sentrale erfaringar med fokus på elevmangfald og eleven sitt møte med fag i 5. til 10. trinn.
Vår: Deltaking på seminar med gruppevis drøfting av sentrale erfaringar knytt til tilrettelegging for læring i praksisperioden. Meir spesifisering i emneplanane til valfaga.

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Vurdering: Stått eller Ikkje stått

Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden. 
Etter praksisperioden skal student ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanninga.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Oddvar Aalde
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
PraksisIndividuellSemesterStått eller ikkje ståttPraksislærar skal gje kvar student munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisbolken. Etter om lag 15 dagar i praksis, skal kvar student ha skriftleg midtvegsvurdering.
Etter siste praksisperiode skal student ha sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og skal vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Basisgrupperettleiar til studenten skal trekkast inn i vurderinga.
Arbeidskrava skal vere gjennomført og bestått.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i rettleidd praksis:
Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode på 10 dagar i løpet av studieåret etter avtale med praksisansvarleg. I desse 10 dagane får studenten særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må han/ho avbryte studiet.
Vurderinger:
Vurderingsform:Praksis
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:Praksislærar skal gje kvar student munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisbolken. Etter om lag 15 dagar i praksis, skal kvar student ha skriftleg midtvegsvurdering.
Etter siste praksisperiode skal student ha sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og skal vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Basisgrupperettleiar til studenten skal trekkast inn i vurderinga.
Arbeidskrava skal vere gjennomført og bestått.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i rettleidd praksis:
Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode på 10 dagar i løpet av studieåret etter avtale med praksisansvarleg. I desse 10 dagane får studenten særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må han/ho avbryte studiet.
Omfang: