MGL5-10FOUNO FoU-oppgåve i norsk

Emnekode: 
MGL5-10FOUNO
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
7,5
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
MGL5-10NO1A Norsk 1A: Norsk på mellomsteget
MGL5-10NO1B Norsk 1B: Norsk på ungdomssteget
Om emnet

FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt og empirisk forskingsarbeid i norsk i kombinasjon med pedagogikk og elevkunnskap i tredje studieår. Den skal ta for seg ei problemstilling som er sentral i læraryrket og for norskfaget i grunnskulen. Tematisk skal FoU-oppgåva kombinere norsk og pedagogisk forsking.  

Gjennom arbeidet med FoU-oppgåva skal studentane få erfaring med sjølvstendig kritisk refleksjon og argumentasjon. Oppgåva skal skrivast i samsvar med allmenne krav til vitskapleg arbeid. Eit viktig grunnlag for dette arbeidet er ei innføring i sentrale område innan vitskapsteori og forskingsmetode.

Studentane får rettleiing i arbeidet med FoU-oppgåva. Val av tema og problemstilling vert gjort av den enkelte student i samråd med faglærarar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske spørsmål innanfor utdanningsforsking
  • har inngåande kunnskap om det temaet som den einskilde har fordjupa seg i
Ferdigheiter

Studenten

  • har tileigna seg ferdigheiter i akademisk skriving
  • kan bruke relevant forsking i formidlinga av eit samansett fagstoff om det valte emnet
  • kan drøfte og ta del i faglege diskusjonar om eige og andre sitt FoU-arbeid
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og forskingsetiske problemstillingar
  • kan ta del og engasjere seg i debattar om norskdidaktikk og læring
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisning i vitskapsteori og metode vert lagt til obligatoriske seminardagar tidleg i semesteret. Gjennom seminardagane skal studenten utvikle kunnskapar og ferdigheiter for arbeid med eiga FoU-oppgåve. Val av tema og problemstilling skjer tidleg i semesteret. 

Det er obligatorisk rettleiing på arbeidet med FoU-oppgåva. Studentar skal delta aktivt i all rettleiing. Om lag midt i semesteret skal studenten presentere arbeidet sitt på FoU-seminaret for medstudentar (1., 2., og 3.årsstudentar i MAGLU) og faglærarar.

Utfyllande informasjon vil ein finne i semesterplan og eige skriv om FoU-oppgåva.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Skriftleg utkast til tema, problemstilling, metode og kunnskapsgrunnlag
  2. Innlevering av fyrsteutkast av FoU-oppgåva
  3. Munnleg presentasjon av FoU-oppgåva på FoU-seminaret.  

Det er obligatorisk frammøte til all undervising i emnet.

Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student har to forsøk til å få godkjent eit arbeidskrav, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1semesterStått eller ikkje ståttOmfang: 4000 – 4500 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Omfang: 4000 – 4500 ord
Godkjent av: 
arne Myklebust