MGL5-10MA2B Matematikk 2B: Matematikkdidaktikk

Emnekode: 
MGL5-10MA2B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
7,5
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10MA1A Matematikk 1A: Tal og algebra
MGL5-10MA1B Matematikk 1B: Geometri, statistikk, sannsyn og funksjonar
Om emnet

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. trinn. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk, og vere med å utvikle og forme matematikkfaget. Emnet er erfaringsbasert og forskingsbasert, med eit fokus på matematikkdidaktisk forsking.

Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5–10.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten   

  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevar si matematikklæring i grunnskulen 
  • har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen 
Ferdigheiter

Studenten  

  • kan formidle spesialkunnskap i eit utvalt matematikkdidaktisk emne relevant for grunnskuletrinna 5–10 
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid 
  • kan bruke ulike arbeidsformer i faget forankra i teori og eigne erfaringar 
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning 
  • kan bruke matematikkdidaktiske kunnskapar på ein sjølvstendig måte 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna sjølvstudium, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet.

Det vert lagt vekt på at studentane skal bli kjende med matematikkdidaktisk forsking både gjennom presentasjonar og eige arbeid med litteraturen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane. 

Arbeidskrav: Presentasjon av ein fagartikkel for medstudentar og lærarar. 

Arbeidskravet vert presisert og tidfesta i semesterplanen. 

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Arne Kåre Topphol
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell1timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust