MGL5-10PR3 Praksis 3, 30 dagar

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
MGL5-10PR3
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10PR2A Praksis 2A, 15 dagar
MGL5-10PR2B Praksis 2B, 10 dagar
Om emnet

Hovudtema for dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 5. til 10. trinn.

Praksis 3 har hovudfokus på elevmangfald, skulen som organisasjon og overgang frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring Praksis i 3.studieår er på 30 dagar og er fordelt på to praksisperiodar, der inntil 5 av dagane er via overgangen ungdomssteg-vidaregåande skule. Studenten skal samarbeide med medstudentar om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervising med rettleiing frå praksislærar og faglærar.

Studentane skal i praksis i 3. studieår få undervisningsansvar for lengre sekvensar, som til dømes å følgje same faget fleire timar etter kvarandre eller å ha ansvaret for all undervisning heile dagar. Omsynet til elevmangfaldet tyder at studentane skal få erfaringar med å differensiere undervisninga, og få kunne møte elevar med ulike føresetnader på deira premissar. Det føreset også ein bevisst og målretta vurderingspraksis. Å skape gode relasjonar til elevane er ei anna side ved praksisen dette året. For å kunne lukkast med det, er det nødvendig at studentane skaffar seg kunnskapar om elevane. Det skal skje dels ved at studentane får del i dei kartleggings-prosessane og den kunnskapen skulen sit med om elevane, og dels skal det skje gjennom observasjonar og analysar av fagleg arbeid som elevane gjer, og gjennom elevsamtalar.

Praksisstudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og føreset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Praksis skal vere tilpassa studentane sine fagval. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om metodar knytte til forskings- og utviklingsarbeid i skulen
  • har kunnskap om elevane sine føresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring
  • har kunnskap om kulturelt, språklig, religiøst og sosialt mangfald
  • har kunnskap om skulen som organisasjon og samarbeid med andre instansar
  • har kunnskap om gjeldande lov- og planverk, og om det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgangen frå barnesteg til ungdomssteg, og ungdomssteg til vidaregåande skule 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfte undervisning på bakgrunn av profesjonsetiske perspektiv
  • kan samhandle med elevar, føresette, kollegaer, og andre interne og eksterne aktørar
  • kan identifisere og drøfte tiltak for å handtere mobbing og trakassering, og bidra til positiv utvikling av skulen sitt læringsmiljø
  • kan gjennomføre profesjonsretta FoU-prosjekt i tråd med forskingsetiske normer
  • kan bruke relevante digitale ressursar i undervisninga og rettleie elevar i deira digitale kvardag
  • kan reflektere mellom likskapar og ulikskapar mellom barnetrinn og ungdomstrinn, og mellom ungdomstrinn og vidaregåande skule, med omsyn til formål, innhald, arbeidsmåtar og organisering
Generell kompetanse

Studenten

  • har endrings- og utviklingskompetanse som bidreg til samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenking i skulen
  • kan med grunnlag i teori og forsking kritisk vurdere eigen og andre sin praksis
  • har utvikla eigen læraridentitet, kommunikasjons- og relasjonskompetanse basert på profesjonsetiske perspektiv
  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid og stimulere til demokratisk deltaking
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksisen i tredje studieåret vert delt inn i to praksisperiodar 15 dagar haust og 15 dagar vår, der inntil 5 av dagane er via overgangen ungdomssteg-vidaregåande skule. Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på ein praksisskule.

Før og etter kvar praksisperiode er det obligatoriske praksismøte med studentar, praksislærarar og faglærarar. 

Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden. Etter første praksisperiode (haust) skal studenten ha skriftleg midtvegsvurdering. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. 

Arbeidskrav:

Følgjande arbeidskrav skal vere gjennomførte og godkjente:

  1. Etter første praksisperiode: Deltaking på seminar med drøfting av tema knytt til hovudfokus i praksisstudiet tredje år. Nærare spesifisering i Canvas/ semesterplan.
  2. Etter andre praksisperiode:  Deltaking på seminar med drøfting av tema knytt til sentrale erfaringar frå praksisperioden.
  3. Delta på seminar/fagdag(-ar) med fokus på overgang barnesteg - ungdomssteg og overgang ungdomssteg - vidaregåande skule.

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Oddvar Aalde
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis- 30DagarStått eller ikkje ståttEtter praksisperioden skal studenten ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og
vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i
lærarutdanningane.
Vurderinger:
Vurderingsform:Praksis
Gruppering:-
Varighet: 30
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Etter praksisperioden skal studenten ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og
vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i
lærarutdanningane.
Hjelpemidler:
Omfang: