MGL5-10MA3B Matematikkens historie, geometri og algebra

Emnekode: 
MGL5-10MA3B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Emnenavn på engelsk: 
History of Mathematics, Geometry and Algebra
Emnenavn på bokmål: 
Matematikkens historie, geometri og algebra
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10MA2B Matematikk 2B: Innføring i matematikkdidaktisk forsking
MGL5-10MA2A Matematikk 2A: Matematisk argumentasjon og bevis
MGL5-10FOUMA FoU-oppgåve i matematikk
Om emnet

Matematikken si historie er lang og er på mange område knytt nært opp mot vår kulturelle, samfunnsmessige og historiske utvikling elles. Kunnskap om matematikken si historie er difor viktig for fullt ut å forstå deler av vår generelle historie. Kjennskap til korleis den matematiske kunnskapen har utvikla seg er også nyttig når ein ser på læring i matematikk, og når ein skal forstå kvifor matematikkfaget i skulen ser ut som det gjer. Det vert i emnet særleg lagt vekt på geometrien og algebraen si historiske utvikling, deira innhald og deira plass i skulematematikken.
 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane

  • har inngåande kunnskap om matematikkens historie og den rolla matematikken har spela i den generelle historiske utviklinga
  • har inngåande kunnskap om skulematematikkens historiske utvikling
  • har inngåande kunnskap i geometri og algebra, om deira plass i skulematematikken og om ulike sider ved det å lære og å undervise geometri og algebra
Ferdigheiter

Studentane

  • kan nytte element frå matematikken si historie for å fremje elevar si læring på 5.–10. steg
  • kan analysere og samanlikne innhaldet i læreplanar i matematikk med omsyn på mål, innhald og arbeidsmåtar
Generell kompetanse

Studentane

  • kan sjå samanhengen mellom dagens skulematematikk og den historiske matematikken
  • kan forstå korleis matematikken si historiske utvikling har vore påverka av samfunnet, samstundes som den har vore med å forme samfunnsutviklinga og den skulen vi har i dag
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Førebuing til og gjennomføring av munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum. Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.
  2. Ei skriftleg gruppeoppgåve. Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Hilde Opsal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Arne Myklebust