MGL1-7VF Vitskapsteori og forskingsmetode

Emnekode: 
MGL1-7VF
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått dei fire første åra av utdanninga 1.–7. med aktuelt masterfag.

Om emnet

Emnet handlar om det vitskaplege grunnlaget for pedagogisk og didaktisk verksemd, og tek føre seg kunnskapsutvikling og forskingsmetodiske tilnærmingar til feltet.
Føremålet er at studentane skal utvikle kritisk, overordna og konkret kunnskap om forskingsprosess og forskingsmetode.

Emnet skal gi studentane ein vitskapsteoretisk og metodisk kompetanse som set dei i stand til å gjennomføre masteroppgåva. Samstundes gir emnet den metodiske breiddekunnskapen studentane treng for å sette seg inn i forsking på høgt nivå. 

Studentane skal i løpet av emnet utvikle forskingsplan for masteroppgåva. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har inngåande kunnskap om  

  • vitskapsteoretiske perspektiv på kunnskapsutvikling 
  • forskingsprosessen 
  • forskingsmetodar og datagrunnlag 
  • sentrale statistiske omgrep og metodar 
  • reliabilitet og validitet 
  • forskingsetiske spørsmål
Ferdigheiter

Studenten kan

  • vurdere ulike tilnærmingar til forsking og forskingsmetodar 
  • formulere seg om sentrale omgrep, delar og samanhengen i ein forskingsprosess 
  • vurdere ulike typar utval, innsamling og analysar av data
  • vurdere sentrale etiske spørsmål i forsking 
Generell kompetanse

Studenten har

  • kritisk, overordna og konkret kunnskap om forskingsprosess og forskingsmetode 
  • metodisk og vitskapsteoretisk kompetanse til å kunne gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid og kunne setje seg inn i forskingsarbeida til andre. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, gruppearbeid og oppgåveløysing.  

Studentane skal i emnet utarbeide forskingsplan for arbeidet med masteroppgåva. Utviklinga av forskingsplanen er prosessorientert med seminar der studentane presenterer sine arbeid og gir tilbakemelding til kvarandre. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
  2. Deltaking på seminar om forskingsplan.
  3. Godkjend forskingsplan for masteroppgåva i eit omfang på om lag 2000 ord. 
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Hjalmar Trond Eiksund
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust